Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Samspel i musikkterapigrupper

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk 

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i musikalsk samspel, med vekt på samspelsformer som kan fungere sosialt i brukssituasjonar som er aktuelle i musikkterapien. Det er tre hovudkomponentar i emnet:

Arrangering og samspel i musikkterapigrupper

Kurset fokuserer på arbeid med samspel i grupper, både for at studentane skal få høve til å bruke eigne instrument og for at dei skal få røynsle med og dugleik i å arrangere for varierte besetningar og sjangrar. Studentane skal utvikle eigen musikalitet og musikkfaglege forståing og lære å arrangere og komponere for brukssituasjonar som kan vere relevante i musikkterapeutisk praksis. Kurset gjev repertoarkunnskap og kompetanse i arrangering og komponering for grupper, med utgangspunkt i aktuelle besetningar i studentgruppa, både konvensjonelle og ukonvensjonelle.

Musikkteknologi og utstyr for musikkterapigrupper

Kurset skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i musikkteknologi og utstyr, med vekt på forsterkarutstyr, miksepultar, opptaksutstyr, datateknologi og programvare.

Konsertproduksjon

Kurset skal gje studentane forståing av kva ein konsertproduksjon inneber (førebuing av lyd og lys, opprigg, nedrigg, presse, repertoarliste, osb.).

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Studenten ..

- viser kunnskap om ulike musikk-sjangrar, ulike besetningar, grunnleggjande arrangerings-teknikkar, og om relevant musikk-teknologi

 

Dugleikar

Studenten ..

- har tileigna seg grunnleggjande dugleik i samspel, arrangering, musikkteknologi, og konsert-produksjon

Generell kompetanse

Studenten ..

- har utvikla ein allsidig samspels-kompetanse og sjangerforståing, slik at dei kan nyttiggjere seg undervisninga på andre musikkrelaterte emne i studiet, delta musikalsk i praksis-undervisninga på studiet og kvalifisere seg til å engasjere menneske i helsefremjande musikalsk praksis.

Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått MUTP100

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

 Femårig integrert masterprogram i musikkterapi ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av praktiske øvingar, gruppearbeid og førelesingar. Det er viktig at undervisninga blir sett i samanheng med dei arbeidsmåtar som studentane møter i praksis. Det er forventa at studenten deltar aktivt i undervisninga, gjennom musisering i undervisningstimane og gjennom framlegging og utprøving av eigne arrangement og komposisjonar. Det er vidare forventa at ein kan arbeide med såkalla «rotasjon», der studentane vekslar mellom å spele ulike instrument under utprøving og gjennomspeling av arrangement.

Det blir forventa at studentane sjølve etablerer og driv band og/eller samspelsensemble og at dei opptrer med desse i relevante samanhengar, som t.d. huskonsertar på musikkterapistudiet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs.

Fråvær på meir enn 20 % i ein eller fleire av komponentane i emnet fører normalt til tap av eksamensrett.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.  

Vurderingsformer

Samspelseksamen i form av ein konsert i gruppe på 4-6 studentar, 20 minutt.
a) Saman skal studentane på førehand:

  • planlegge, førebu og invitere til konsert, lage eit program, førebu lyd og lys og gjennomføre nødvendig opprigg og nedrigg.

Under konserten skal kvar student:

  • leie minimum ein av dei aktivitetane eller samspelsarrangementa gruppa vel å framføre.
  • dokumentere musikalsk breidde ved å vere aktiv på minimum tre instrument, der hovudinstrument, stemme og minimum eitt bandinstrument inngår.
  • ha arrangert eller komponert minimum eitt av arrangementa.

b) Kvar student legg fram ei kort skriftleg orientering på maksimum 600 ord, med oversyn over dei ulike roller studenten har hatt i dei ulike komponentane i planleggingsprosessen og eksamensprogrammet.

Det blir ei heilskapleg vurdering.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum er på ca. 200 sider. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon