Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikk og hjerne

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga går over ett semester og startar i haustsemesteret (i 5. semester for studentar i normalprogresjonen av det integrerte masterprogrammet i musikkterapi).

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk

Mål og innhald

Emnet gjev ein introduksjon til korleis hjernen handsamar musikk, dvs. dei fysiologisk prosessane i hjernen som ligg til grunn for menneskeleg musikalitet. Ein vil og vise korleis langvarig bruk av og øving på musikk kan endre hjernen. Her vil omgrepet nevroplastisitet stå sentralt. Siste del av kurset vil omhandle kva konsekvensar dette kan ha for bruk av musikk for læring og kognisjon og for musikkterapi i medisinske kontekstar.

Innføring i musikkens fysiologi
Kurset gjev ei innføring i basal hjerneanatomi og -fysiologi med relasjon til korleis hjernen handsamar auditiv informasjon. Ein vil relatere dette til velkjente akustiske prinsipp og vise korleis hjernen oppfattar og handsamar ulike aspekt av musikken som melodi, pitch (tonehøgde), timbre (klang/akkordanalyse, rytme, osb. Ved hjelp av denne kunnskapen vil ein vise korleis hjernen kan la seg lure (auditive illusjonar), men og korleis dei same prosessane ligg til grunn for improvisasjon og kreativitet. Ein vil vidare leggje vekt på korleis hjernens sensitivitet for rytme, rørsle og emosjonelle uttrykk er ein viktig føresetnad for mellommenneskeleg kommunikasjon, både i vårt første leveår og seinare i livet. 

Musikk og nevroplastisitet
Kurset gjev ei innføring i dei kognitive og emosjonelle prosessane som musikk set i gang i hjernen og vil gjennomgå dei fysiske endringar (t.d. vekst av motoriske, auditive og andre område i hjernen) som dette medfører. Ein vil vidare gjennomgå kva konsekvensar dette har for andre relaterte kognitive prosessar, slik som handsaming av auditiv informasjon generelt, språk, motoriske ferdigheiter og generelle kognitive prosesser. Ein vil og gjennomgå korleis denne plastisiteten ved overlæring kan føre til uhensiktsmessige endringar med konsekvensar som musikardystoniar. 

Korleis kan musikkens fysiologi og nevroplastisitet nyttast?
I siste del av kurset vil ein gå inn på korleis bruk av musikk kan gje positive ¿biverknader¿ for ulike kognitive prosessar som kan være til nytte innan læring og utvikling av språk og sosiale ferdigheiter. Musikarar får feks betre emne til å gjenkjenna emosjonar i stemme og språkleg kommunikasjon. Musikken har og ein eigen emne til å skapa felleskapsfølelse som kan væra viktig for sosiale dugleikar og kan ha vore ein viktig evolusjonsmessig årsak til vår musikalitet. Ein vil og diskutere implikasjonar for bruk av musikk innan behandling og rehabilitering av nevrologiske sjukdommar.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har elementær kunnskap om korleis hjernen handsamar musikk og korleis dette påverkar hjernen. Studenten kjenner til sentral forsking innanfor det nevromusikkvitskaplege fagområdet, med særleg vekt på nevroplastisitet og dei fysiologiske prosessane i hjernen som ligg grunn for menneskeleg musikalitet. Studenten kan relatere dette til korleis musikk kan vere til hjelp for læring, utvikling og nevrorehabilitering.

Dugleikar

Studenten kan finne fram til, vurdere og bruke fagleg kunnskap om musikk og hjerne. Studenten kan vidare relatere den elementære kunnskapen om korleis hjernen handsamar musikk og korleis dette påverkar hjernen til korleis musikk kan vere til hjelp for friske og sjuke/skadde hjernar og for musikkterapi i medisinske kontekstar.

Generell kompetanse

Studenten kan formidle sentralt fagstoff skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil i hovudsak skje i form av førelesingar (med videoeksempel osb.), supplert av gruppeoppgåver. Arbeid med emnet krev evne til sjølvstendig tileigning av pensumlitteratur og evne til munnleg og skriftleg drøfting og analyse i lys av pensumlitteraturen. Som førebuing til eksamen blir disse dugleikane oppøvde gjennom diskusjonar, studentpresentasjonar, skriftlege oppgåver og heimearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Det er ein føresetnad at obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Sju dagars heimeeksamen. Ei skriftleg oppgåve på 3500-4000 ord, litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Linjeavstand 1,5 og 12 pkt. skrift.

Minst to sensorar kor ein skal vera ekstern.

Karakterskala

Bokstavkarakterar, A - F

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Haust.

Litteraturliste

Pensum er på ca. 1000 sider. Eiga pensumliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Administrativt ansvarleg

Griegakademiet - Institutt for musikk

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    04.12.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    11.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    20.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen