Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Basisinstrument musikkterapi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten eit betre kunstnarleg og teknisk fundament for kreativ, allsidig og sjølvstendig arbeid som musikkterapeut. Emnet MUTP200 skal utvikle ferdigheiter, kunnskap og formidlingsevne i song eller på instrument.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kjenner hovudinstrumentets grunnrepertoar.

Dugleikar

Studenten kan kunne framføre eit grunnleggjande repertoar på sitt instrument.

Generell kompetanse

Studenten har utvikla evne til musikalsk formidling.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod som valemne til studentar på Femårig integrert masterprogram i musikkterapi. Søknadsfrist for opptak er 15. april. Emnet har opptaksprøve: 10 min sjølvvalt repertoar.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet fokuserer på:
- eigne evner som utøvar
- instrumentkunnskap/stemmefysiologi
- interpretasjons- og repertoarkunnskap

Eigne evner som utøvar:
Studenten skal utvikle grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit gjennom individuell rettleiing, eiga øving og samspel.

Instrumentkunnskap/stemmefysiologi:
Studenten skal få kjennskap til konstruksjonen/fysiologien, verkemåten og historikken til instrumentet/stemma. Det vert vist til relevant litteratur.

Fellestimar relatert til instrument/instrumentfamilie.
Det inngår ingen akkompagnatørressurs i emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar:

- Individuell rettleiing

Repertoarkrav:

Studenten skal innstudere minst 20 min. repertoar, der 10 min er ensemblespel.

Gjennomgått repertoar og eksamensprogram skal vere dokumentert i eksamenssemesteret på eige skjema godkjent av faglærar innan 15. november.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Eksamen vert gjennomført som ei konsertframføring av eit repertoar på 10 - 15 min.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUTP200 / Hovedinstrument musikktearpi

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Individuellt pensum blir utarbeid

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Konsert

    Trekkfrist
    15.11.2018
    Andre opplysninger
    Gjennomgått repertoar og eksamensprogram leveres innen 15. november. Dato for eksamen blir publisert på Mitt UiB