Samfunnsmusikkterapi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ein introduksjon til musikkterapi i eit økologisk og samfunnsorientert perspektiv og inneheld fire hovudkomponentar:

Samfunnsmusikkterapeutisk teori og forsking

Kurset gjev eit oversyn over dei kontekstorienterte og økologiske perspektiv som pregar samfunnsmusikkterapien og over sentral forsking på feltet. Teoretisk omfattar dette tema som person i kontekst, deltaking, framføring, sosiale nettverk og sosial kapital, musikk- og helseomgrep i sosiokulturelt perspektiv og førebyggjande og helsefremmande arbeid gjennom musikk. Definisjonar av samfunnsmusikkterapi, ulike teoretiske perspektiv og døme på prosjekt frå ulike sosiale og kulturelle kontekstar blir også gjennomgått. Andre sentrale tema er makt, brukarmedverknad, sjølvforvaltning, empowerment, sjølvhjelp og inkludering/marginalisering, forstått i lys av dokument som menneskerettane og barnekonvensjonen.

Praktiske arbeidsmåtar

Kurset gjev ein introduksjon til sentrale arbeidsmåtar som har vist seg relevante i samfunnsmusikkterapien. Dette omfattar alt frå opne miljøtiltak til ulike integreringsprosjekt i eit lokalmiljø. Følgjande aktivitetsformer vil særleg bli vektlagde: opne og improvisasjonsorienterte musikkgrupper, samspel i band, korarbeid, musikkspel og revy, musikkafé, framføring og konsertverksemd. Ved sidan av det konkrete musikkarbeidet, vil det også bli fokusert på indirekte og systemorientert arbeid, t.d. i høve til organisasjonar, lokalsamfunn, kultur, politikk og økonomi.

Praksis

Blokkpraksis i 6. semester (2-4 studentar per praksisplass) er definert som eit samfunnsmusikkterapeutisk prosjekt, for eksempel med fokus på forarbeid, gjennomføring og etterarbeid i høve til eit framførings-, samarbeids- eller innspelingsprosjekt. Hovedtyngda av praksis foregår i ein blokkperiode de esiste fire vekene (60 timer) før påske, men delar av prosjektet kan etter avtale gjennomførast før eller etter denne perioden. Denne praksisperioden skal gi studenten erfaringar med samfunnsmusikkterapeutiske arbeidsmåtar, samtidig som dei får større ansvar med meir forventning om sjølvstendig innsats enn det som var aktuelt i den første praksisperioden i 3. semester. Med 2-4 studentar per praksisprosjekt oppstår det også behov for og høve til å vektlegge, arbeide med og reflektere over samarbeidsprosessar.

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

Målet med dette kurset er å gje studentane grunnleggjande kommunikativ kompetanse for arbeid med menneske, å utvikle studentane si evne til å registrere og beskrive sosialt samspel og å utvikle ei betre forståing av kva som ligg i terapeutisk identitet og rolle. Kurset omfattar m.a. kontakt- og samarbeidsøvingar og grunntrening i å vere nærverande, å merke eigne og andre sine grenser, og å vere sentrert i kontakt med andre menneske. Kurset byggjer vidare på tilsvarande kurs på MUTP201.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har god kunnskap om samfunnsmusikkterapeutisk teori og praksis.

Dugleikar

Studenten forstår musikken sin funksjon i samfunnet og har ei konstruktiv og etisk haldning til bruk av musikk som helsefremjande verkemiddel.

Generell kompetanse

Studenten kjenner til korleis musikkarbeidet kan inngå i kulturelle og sosiale nettverk. Studenten er fortruleg med brukarmedverknad, sjølvforvaltning og inkludering.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk
Krav til forkunnskapar
Opptak på det integrerte masterprogrammet og fullført MUTP101 / Innføring i musikkterapi.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Femårig integrert masterprogram i musikkterapi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir lagt opp med varierte undervisningsformer med tanke på integrasjon av teoretisk og praktisk-metodisk kunnskapsstoff. Undervisninga blir gitt som førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar og dessutan ei verkstadsform med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik i samfunnsmusikkterapi. Seminara i Relasjons- og kommunikasjonserfaring fokuserer på deltaking, eigenerfaring og refleksjon i gruppa.

Praksis blir vanlegvis konsentrert til ein prosjektperiode på 4 veker eit stykke ut i semesteret. Praksis kan skje både på dagtid, kveldstid og i helger, eller i samband med framføringar, prosjekt, osb. Praksis vil ha kontinuerlig rettleiing. Det skal skrivast ein kort praksisrapport. Det er ein eigen mal for praksisrapport. Rapporten skal godkjennast av praksislærer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar:

- 60 timar praksis med rettleiing

- Førestilling (eller alternative former som t.d. ei plateinnspeling eller ein filmproduksjon) som er knytt til praksisprosjektet i emnet.

- Ei praktisk-metodisk arbeidsbok skal utarbeidast. Omfanget av arbeidsboka er på ca. 10 songar eller 10 aktivitetar.

- Deltaking Relasjons- og Kommunikasjonserfaringsgruppe

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er godkjende før oppmelding til eksamen.

Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Eksamen er eit foredrag på 20-30 minutt. Kandidaten gjer greie for relevante aspekt av planlegging, gjennomføring og evaluering av praksisprosjektet i høve til samfunnsmusikkterapeutisk teori.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala
Greidd/Ikkje greidd
Litteraturliste

Pensum er på ca. 750 s. I tillegg kjem metodisk materiale som studenten tileignar seg eit nærare bestemt utval i frå og samlar i ei arbeidsbok.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.