Innføring i musikkterapeutisk praksis

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei innføring i musikkterapeutisk praksis og aktuelle arbeidsfelt. Emnet skal gje forståing av musikkterapeutens arbeid i eit tverrfaglig team og i forskjellige kontekstar i samfunnet og helsevesenet.

Emnet omfattar fem hovudkomponentar:

Musikkterapeutisk praksis

Innføring i arbeidsformer og musikkterapiprosessar i ulike arbeidsfelt, med vekt på relasjonen mellom terapeut og brukar/pasient og på musikkterapi som sosial og situert praksis

Refleksivitet

Introduksjon til profesjonalitet og yrkesetikk (teieplikt, konfidensialitet, rettleiing, og loggskriving)

Kommunikasjon og samarbeid

Introduksjon til tverrfagleg samarbeid og tverretatleg samhandling

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

Målet med dette kurset er å gje studentane grunnleggjande kommunikativ kompetanse for arbeid med menneske, å utvikle studentane si evne til å registrere og beskrive sosialt samspel og å utvikle ei gryande forståing av kva som ligg i terapeutisk identitet og rolle. Kurset omfattar m.a. kontakt- og samarbeidsøvingar og grunntrening i å vere nærverande, å merke eigne og andre sine grenser.

Punktpraksis

Viser til Arbeidshefte for praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten viser grunnleggjande forståing av forskjellige praksisområde i musikkterapi.

Studenten viser elementær forståing av musikkterapi i ein tverrfagleg og systemisk kontekst

elementær forståing av yrkesrolle og profesjonalitet

Dugleikar

Studenten viser evne til å observere og rapportere om musikkterapeutisk praksis.

Studenten demonstrerer ei grunnleggjande profesjonell haldning.

Generell kompetanse

Studenten har forståing av musikkterapeutisk praksis og rolle i forskjellige praksissamanhengar.

Studenten har evne til å reflektere over eiga forståing og eigen læringsprosess og over framtidige roller som profesjonsutøvar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Gjennomført og bestått MUTP100, MUTP103, MUTP104, MUTP105
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Femårig integrert masterprogram i musikkterapi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Ca. 12 forelesninger med variert undervsiningsform. som til dømes case-presentasjonar; workshops (prosjekt); seminar i praksisskriving (rapportar, logg)
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske arbeidskrav:

All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs:

- Loggskriving med fokus på læringsprosess
- 3 skriftlege tekstar, kvar på ca. 1000 ord.
Målgruppe: ei observasjonsoppgåve
Refleksivitet: ein refleksjon over yrkesutøving i praksis
Kommunikasjon og samarbeid: ei beskriving av praksisplass med fokus på tverrfagleg verksemd.

- Ei praktisk-metodisk arbeidsbok med 10 aktivitetar skal utarbeidast

- Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

- Praksis med rettleiing og innlevering av praksisrapport

Fråvær på meir enn 20 % i ein eller fleire av komponentane i emnet fører normalt til tap av eksamensrett.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

Ei individuell skriftleg oppgåve basert på dei tre skriftlege arbeida gjennom semesteret. Den innleverte oppgåva skal vere på om lag 3000-4000 ord. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Linjeavstand 1,5 og 12 pkt. skrift.

Oppgåva skal ta utgangspunkt i tema og problemstillingar knytt til praksis.

Den endelige oppgåva blir vurdert i si heilheit.

Ekstern sensur med to sensorer.

Karakterskala
Bokstavakarakter A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Pensum: ca. 700 sider.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvaltitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet - Institutt for musikk