Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikkterapeutisk teoriutvikling

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMUTP206
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk 

Mål og innhald

Emnet har som mål og gje ei fordjuping i musikkterapeutisk teori, med særleg vekt på musikkterapeutisk teoriutvikling i akademia og i praksisfeltet.

Det er fire hovudkomponentar i emnet:

Musikkterapeutiske grunnlagsproblem
Kurset gjev ei fordjuping i musikkterapiteori i historisk og kulturell kontekst, med vekt på korleis teori og praksisformer er knytt til ulike musikk-, menneske- og kunnskapssyn.

Bruk og utvikling av musikkterapeutisk teori
Kurset tar opp teoriutvikling innan musikkterapien, med drøfting av ulike teoritypar og strategiar for bruk og utvikling av teori. Kurset inneheld også ein kritisk gjennomgang av nyare musikkterapeutisk teori og forsking.

Skriveseminar
Arbeid med litteratur og skriveprosess av relevans for studentane sitt arbeid med artikkel eller essay.

Bibliotekskurs

Læringsutbyte

Ved avslutta emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten har fordjupa oversikt over og forståing av musikkterapiteori i historisk og kulturell kontekst, med vekt på korleis teori er knytt til ulike musikk-, menneske- og kunnskapssyn.

Dugleikar
Studenten kan reflektere kritisk over forholdet mellom ulike teoritypar, metodar for teoriutvikling, og strategiar for bruk av teori

Generell kompetanse
Studenten har utvikla dugleik i akademisk skriving, og kan presentere, vurdere og utvikle teoretiske argument.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått MUTP100, MUTP 102, MUTP103, MUTP104, MUTP105, og MUTP205

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Ca. 12 forelesninger inklusiv skriveseminar, gruppearbeid, sjølvstendig munnleg framlegg og skriftlege arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar munnlege og skriftlege oppgåver:

- Innlevering av to tekstar som kvar student utarbeider sjølvstendig:
- Ein korttekst tidleg i semesteret, på ca. 1 side, med presentasjon og diskusjon av ein teoretisk artikkel, essay eller annan fagtekst.
- Eit tekstutdrag på ca. 3 sider, levert inn til skriveseminaret, som del av arbeidet med semesteroppgåva.
- Skriveseminar
- Rettleiing av semesteroppgåve, totalt 2,5 timar per student
- Eit munnleg framlegg med presentasjon og vurdering av utvald teoretisk artikkel, essay eller annan fagtekst
- Bibliotekskurs

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve: Kandidaten leverer eit sjølvstendig skriftleg arbeid på ca. 6000 ord; ca. 18 sider, linjeavstand 1,5 og 12 pkt. skrift. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Oppgåva har sjølvvald tema og problemstilling, men skal vere klart relatert til musikkterapeutisk teoriutvikling og dokumentere evne til fordjuping og sjølvstendig kritisk vurdering, jf. beskriving av mål, innhald og læringsutbyte. Formelle krav: Teksten kan skrivast på norsk eller engelsk (etter søknad eventuelt også på andre språk). Oppgåva skal ha eit samandrag (abstract) på engelsk på 100-200 ord.

Ekstern sensur med to sensorer.

Karakterskala

 Bokstavkarakterar, A - F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum er på ca. 700 sider. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50