Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kreativ stemmebruk i musikkterapi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMUTP207
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk 

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje grunnleggjande kunnskap om stemmas fysiologi og om samanhengar mellom kropp, pust og stemme.

Emnet fokuserer på kreativ vokalpraksis i musikkterapi, gjennom utvikling av varierte vokale kvalitetar, auditiv sensitivitet, vokal reseptivitet og stamina.

Studentar arbeider i løpet av emnet med to sjølvvalde vokalstykker, basert på begge to, repertoar og på vokal improvisasjon.

Stemma blir sett i denne samanheng på som et bruksinstrument.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...
- viser grunnleggjande kunnskap om stemmas fysiologi og stemmebruk
- viser grunnleggjande kunnskap for musikalsk interaksjon ved bruk av stemma og ulike vokale lydar og lyd-kvalitetar.

Dugleikar
Studenten...
- kan bruke stemma si fleksibelt og i forskjellige vokale uttrykk
- kan tilpasse bruken av stemma til ulike musikkterapisituasjonar med enkeltpersonar og grupper

Generell kompetanse
Studenten...
- har ei brei forståing av stemma si rolle i mellommenneskeleg kommunikasjon og interaksjon

Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått MUTP102

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande bruksmusikalsk dugleik og kunnskapar i musikkteori.  

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga er organisert i ca. tre førelesingar/workshops.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk.

Kvar student skal i løpet av emnet arbeide sjølvstendig med to utvalde vokalstykke, eitt basert på repertoar og eitt basert på vokal improvisasjon.

Fråvær på meir enn 20 % i ein eller fleire av komponentane i emnet fører normalt til tap av eksamensrett.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen i grupper på to til fire personar. Førebuing og framføring av to til fire vokalstykke, med utgangspunkt i dei stykka studentane har arbeidd med gjennom semesteret. Kvar student vel eit stykke for dette samarbeidet. Framføringa skal dokumentere at studentane har arbeidd med den fleksible stemmebruken som musikkterapi føreset og skal gje rom for både improvisasjon og framføring av repertoar.

Lengde på eksamen per studentgruppe ca. 15-20 minutt.

Intern sensur med minst ein sensor.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

 Pensum: ca. 100 sider

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

 

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no