Hjem
Utdanning
Masteremne

Musikkterapeutisk profesjonskunnskap

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og Vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk

Mål og innhald

Kurset skal sikre at studenten kvalifiserer seg for god, profesjonell yrkesutøving. Til grunn for emnet ligg ei vid forståing av kunnskapsomgrep. Kunnskap omfattar erkjenning og innsikt basert på teori og forsking og politiske føringar, men inkluderer også erfaring, dugleik og danning. Musikkterapeutisk profesjonskunnskap viser seg såleis i samhandling og relasjonar, ikkje berre i språk og tekst.

Emnet inneheld tre hovudkomponentar:

Innføring i profesjonskunnskap

Kurset inneheld undervisning og gruppeoppgåver knytt til tema som: yrkesetikk, yrkesidentitet, yrkesrolle og samarbeid, formidling og rettleiing, jobbetablering, prosjektarbeid og innovasjon. Undervisning omfattar tema knyta til politiske føringar og formelle retningslinjer.

Musikkterapeutisk rollespel

Kurset gjev ei praktisk og teoretisk fordjuping knytt til musikkterapeutiske metodar og arbeidsformer med eit bredt spekter av målgrupper. Gjennom musikkterapeutisk rollespel skal studenten få høve til å prøve seg både som klient og terapeut og gjennom dette å utforske relasjonar og arbeidsformer.

Bruksinstrument

Kurset byggjer vidare på bruksinstrumentundervisninga i MUTP102 og MUTP302 og skal sjåast i samanheng med andre musikkfaglege og metodiske emne og med praksis. Bruksinstrument kan vere piano eller gitar (studentar som vel gitar skal arbeide både med akustisk og elektrisk gitar). Studentar som beherskar både piano og gitar kan i samråd med studiet velje anna instrument, der trekkspel, slagverk og song vil vere aktuelle alternativ. Studenten skal vidareutvikle sin dugleik på følgjande område: Besifringsspel og bladspel (på gitar eventuelt spel etter tabulatur), gehørspel og transponering. Det blir lagt vekt på å knyte dette opp til ulike tilnærmingar til Improvisasjon. Undervisninga tar særleg sikte på å setje studenten i stand til å akkompagnere song- og instrumentalaktivitetar og å forme eit musikalsk uttrykk ut frå det musikalske materialet som føreligg.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

- har inngåande kunnskap om musikkterapeutiske metodar og arbeidsformer

Dugleikar

- har god innsikt i yrkesetikk, yrkesidentitet, yrkesrolle og samarbeid, formidling og rettleiing, jobbetablering, prosjektarbeid og innovasjon

Generell kompetanse

- kan kommunisere profesjonelt i yrkesutøving og i samarbeid med klientar og pårørande og tverrfaglig samarbeid med andre profesjonar

- har djupnekompetanse på sitt bruksinstrument

Krav til forkunnskapar

Opptak til 300-nivået av det integrerte masterprogrammet i musikkterapi.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir lagt opp med varierte undervisningsformer og vil inkludere førelesingar, gruppearbeid, rollespel, diskusjonar og bruksinstrumentundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar ein praktisk-munnleg eksamen på 45 minutt. Eksamenssituasjonen har to hovudkomponentar:

a) Musikkterapeutisk rollespel med vekt på improvisasjon.
b) Samtale der studenten reflekterer fagleg over rollespelet og prosessane i det. Det blir gjort ei heilskapleg vurdering av kandidaten.

Dei to eksamensdelane vektas likt.
Minst to sensorar kor ein skal vera ekstern.

Karakterskala

Bokstavkarakterar, A - F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum er på ca. 600 s og omfattar hovudsakleg tema knytt til Innføring i profesjonskunnskap. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Administrativt ansvarleg

KMD, Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen (to delar)

    Trekkfrist
    15.10.2019
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen, del 1

    • Eksamensdel: Munnleg eksamen, del 2