Hjem
Utdanning
Masteremne

Musikkterapi i psykisk helse- og rusarbeid og eldreomsorg

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i musikkterapi i psykisk helse- og rusarbeid og eldreomsorg og inneheld fire hovudkomponentar inkludert praksis:

Musikkterapi i psykisk helse- og rusarbeid

Kurset gjev ei innføring i musikkterapi som helsefremmande og psykoterapeutisk arbeid innanfor kommunesektoren og psykisk helsevern, med hovudvekt på ressursorienterte tilnærmingar og med introduksjon til sentral forsking og nasjonale retningslinjer på feltet. Undervisning omfattar ei teoretiske kurs i klinisk psykologi, sosialpsykologi og samfunnspsykologi. Både individuell musikkterapi og gruppemusikkterapi, for barn/unge og vaksne, blir vektlagt. Kurset tar sikte på å gje ei innføring i ulike musikkterapeutisk metodar som blir brukt i psykisk helsearbeid og rusarbeid og skal kvalifisere studentane til ressursorientert musikkterapeutisk praksis innanfor psykisk helsevern. Samtale som ein integrert del av det musikkterapeutiske arbeidet vert vektlagt. Problemstillingar rundt psykisk helse og rus oppstår i ei rekkje ulike samanhengar, og med døme frå tilgrensande felt som barnevern og kriminalomsorg skal undervisninga tematisere prosessar som identitet, motivasjon, deltaking og samarbeid.

Musikkterapi i eldreomsorg

Kurset gjev ei innføring i musikkterapi i eldreomsorg, med fokus både på heimebuande eldre med relativt avgrensa hjelpebehov og eldre på institusjon med omfattande hjelpebehov. Undervisninga omfattar eit kurs i sosialpsykologi og samfunnspsykologi. Kurset tar sikte på å gje ei innføring i ulike musikkterapeutiske arbeidsmåtar innan eldreomsorg, med introduksjon til sentral forsking og teori på feltet. Relasjonelle og ressursorienterte tilnærmingar blir vektlagde, med fokus både på individuelle tilbod, tilrettelagde gruppetilbod og ulike former for miljøtiltak, som t.d. korarbeid. Det blir lagt vekt på at studentane skal

utvikle evne til å støtte og anerkjenne dei eldre sine eigne musikkinteresser. Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande og frivillige blir også vektlagd.

 

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppa byggjer vidare på tilsvarande kurs på MUTP201, MUTP202 og MUTP301 og gjev studentane høve til å arbeide vidare med kommunikativ kompetanse i arbeid med menneske, i relasjon til ei grundigare forståing av kva som ligg i terapeutisk identitet og rolle. Kurset gjev rom for erfaring med og arbeid med gruppeprosessar og med personlege prosessar knytt til erfaringar i undervisning og praksis ved studiet.

Innføring i BMGIM

Innføring i BMGIM (The Bonny Method of Guided Imagery and Music) inngår i emnet.

Praksis

Studentar i 7. og 8. semester tar punktpraksis og blokkpraksis under rettleiing av musikkterapeut. Fagleg må praksisen gjerne vere knytt til psykisk helsearbeid og eldreomsorg, men praksis knytt til habilitering, nevrorehabilitering og medisinske kontekstar vil også vere relevant og det er dessutan mogeleg for studentane å ta delar av denne praksisen innan pedagogiske eller samfunnsorienterte kontekstar. Det er forventa at ein av dei to praksisplassane i 7. og 8. semester skal vere innan helsesektoren (t.d. sjukehus, sjukeheim eller psykisk helsevern).

Studentar i 9. og 10. semester har sjølvstendig praksis med rettleiing frå studiet. Studenten har sjølv ansvar for å finne praksisplass for det siste året av det integrerte masterprogrammet i samråd med faglærar. Som hovudregel skal den sjølvstendige praksisen vere innan eit felt der studenten tidlegare har hatt ordinær praksis.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

- kan nytte kunnskap i musikkterapi på nye område innan fagområdet

- kjenner til teori knytt til ulike musikkterapeutisk metodar som blir brukt i psykisk helsearbeid, eldreomsorg og rusarbeid

Dugleikar

- kan kommunisere godt med brukarar innan varierte brukargrupper

Generell kompetanse

- kan nytte sine kunnskapar og dugleikar på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekter

Krav til forkunnskapar

Opptak til 300-nivå i det integrerte masterprogrammet i musikkterapi.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir lagt opp med varierte undervisningsformer med tanke på integrasjon av teoretisk og praktisk-metodisk kunnskapsstoff, og vil inkludere førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar og dessutan ei verkstadsform med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik i musikkterapi.

Praksis kan skje både på dagtid, kveldstid og helger, eller i samband med framføringar, prosjekt, osb. Praksis vil ha kontinuerlig rettleiing. Det skal skrivast ein kort praksisrapport frå kvar praksisperiode.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs:

- Praksis med rettleiing (timetal er spesifisert i praksishefte).

- Ei praktisk-metodisk arbeidsbok skal utarbeidast.

BMGIM-kurs (10. Semester) eller Relasjons- og Kommunikasjonserfaringsgruppe (8. Semester)

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Munnleg foredrag på om lag 30 min.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum er på ca. 800 s. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Administrativt ansvarleg

Griegakedemiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon