Hjem
Utdanning
Masteremne

Musikkterapi i helsesektoren I

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUTP305
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk 

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i musikkterapi i psykisk helse- og rusarbeid og musikkterapi i medisinske kontekstar og inneheld fire hovudkomponentar, inkludert praksis:

Innføring i musikkterapi i psykisk helse- og rusarbeid

Kurset gjev ei innføring i musikkterapi som helsefremmande arbeid innanfor kommunesektoren og spesialisthelsetenesta i psykisk helse og rus, deriblant musikkterapi i DPS (Distriktspsykiatrisk senter), BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) og tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblemer (TSB). Kurset omfattar sentral forsking og gjennomgår nasjonale retningslinjer på feltet. Teoretiske perspektiv frå ulike tradisjonar og tverrfaglege felt vil bli gjennomgått, mellom anna medisinske perspektiv på psykisk liding og ei gjennomgang av diagnostiske termar. Kurset vil gje ei innføring i ulike musikkterapeutiske metodar som blir brukt i psykisk helse- og rusarbeid, og inkluderer både musikkterapi i individuelle settingar og arbeid med grupper. Kurset vil særleg leggje vekt på ressursorientert musikkterapi og recovery-tradisjonen. Arbeid med samtale inngår.

Musikkterapi i medisinske kontekstar

Kurset i Musikkterapi i medisinske kontekstar omfattar både teori, forsking og praktisk arbeid relatert til medisinske kontekstar, inklusivt sjukehusavdelingar, nevrorehabilitering og palliativ omsorg. Perspektiv frå ulike tradisjonar og tverrfaglege felt vil bli gjennomgått. Ulike tilnærmingar og arbeidsmåtar blir presenterte og det blir gitt eksempel på forskjellige typar arbeid og over sentral forsking på feltet.

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppa byggjer vidare på tilsvarande kurs på MUTP202 og MUTP205 og gjev studentane høve til å arbeide vidare med kommunikativ kompetanse i arbeid med menneske, i relasjon til ei grundigare forståing av kva som ligg i terapeutisk identitet og rolle. Kurset gjev rom for erfaring med og arbeid med gruppeprosessar og med personlege prosessar knytt til erfaringar i undervisning og praksis ved studiet.

Praksis

Praksis i 7. Semester omfatter punktpraksis under rettleiing av musikkterapeut,

og er knyttet enten til MUTP300 eller MUTP305.

Dersom punktpraksis er knyttet til MUTP305, gjennomførast praksisen i relevante helsekontekstar.

Blokkpraksis i 8. Semester er knyttet til MUTP305.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten kjenner til teori, forsking og musikkterapeutiske arbeidsformer som blir brukt i medisinske kontekstar og i psykisk helse- og rusarbeid.

Studenten har grunnleggjande kunnskap som er nødvendig for utøving av musikkterapi innan desse kontekstane.

 

Dugleikar

Studenten har godt utvikla dugleikar for musikkterapeutisk praksis innan kommunesektoren og spesialisthelsetenesta i psykisk helse og rus og innan medisinske kontekstar.

 

Generell kompetanse

Studenten har erfaring med individuelle terapiprosessar så vel som gruppeprosessar, og kan reflektere over personlege prosessar knytt til terapi.

Studenten har utvikla eit repertoar av musikkterapeutiske arbeidsformar som kan nyttast i dei aktuelle praksisfelta.

Krav til forkunnskapar

Opptak til 300-nivå i det integrerte masterprogrammet i musikkterapi.

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande bruksmusikalsk dugleik og kunnskapar i musikkteori.  

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Ca. 12 forelesninger med variert undervisningsform som integrasjon av teoretisk og praktisk-metodisk kunnskapsstoff, og vil inkludere førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar og dessutan ei verkstadsform med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik i musikkterapi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs:

- Punktpraksis i 7.semester (dersom knyttet til MUTP305), og Blokkpraksis i 8. semester, med rettleiing og innlevering av praksisrapport (se Arbeidshefte for praksis)

- Ei praktisk-metodisk arbeidsbok med 10 aktivitetar skal utarbeidast

- Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Foredrag på om lag 30 min som integrerer relevant teori, forsking og praksis i ein sjølvvald praksiskontekst eller med ei klientgruppe relevant for emnet.

Intern sensur med minst to sensorar

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum er på ca. 800 s. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Emneansvarleg

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

 

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50