Hjem
Studentsider
Masteremne

Musikkterapi i helsesektoren II

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUTP306
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår. Undervisninga går over to semester.

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk 

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i musikkterapi i eldreomsorg, og utdjupande arbeid med musikkterapi i psykisk helse- og rusarbeid. Emnet inneheld fire hovudkomponentar, inkludert praksis:

 

Musikkterapi i eldreomsorg

Kurset gjev ei innføring i musikkterapi i eldreomsorg, med fokus både på heimebuande eldre med relativt avgrensa hjelpebehov og eldre på institusjon med omfattande hjelpebehov, og inkluderer praksisar i varierte kontekster. Emnet vil forankre musikkterapeutisk praksis til teoretiske perspektiv frå ulike tradisjonar og tverrfaglege felt, og gje ei introduksjon til sentral forsking på feltet. Relasjonelle tilnærmingar blir vektlagde, med vekt på personstatus og medborgarskap. Kurset har fokus både på individuelle tilbod, tilrettelagde gruppetilbod og ulike former for miljøtiltak, som t.d. korarbeid. Det blir lagt vekt på at studentane skal utvikle evne til å støtte og anerkjenne dei eldre sine eigne musikkinteresser. Kurset vil utforske musikkterapiens rolle i system og institusjon og vektlegge ulike former for samarbeid og kompetanseoverføring.

Fordjuping i musikkterapi i psykisk helse- og rusarbeid

Kurset gjev ei fordjuping i musikkterapi som helsefremmjande arbeid, førebygging, behandling, og oppfølging innanfor kommunesektoren og spesialisthelsetenesta i psykisk helse og rus, med særskild fokus på å utvikle breidde i praksiskontekstar og settingar. Kurset tar sikte på å gje ei fordjuping i ulike musikkterapeutiske arbeidsformer som blir brukt i psykisk helsearbeid og rusarbeid, og vil søkje å vidareutvikle studentane sin bruk av samtale og personleg refleksjon. Undervisninga i emnet vil fokusere på musikkterapi i akutt behandling, utfordringar relaterte til komorbiditet og ROP-kontekstar (Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse), oppfølgingsarbeid, og tidleg intervensjon. Kurset vil også omfatte perspektiv på arbeid med traume.

Innføring i BMGIM

Innføring i BMGIM (The Bonny Method of Guided Imagery and Music) inngår i emnet.

Praksis

Studentar i 9. og 10. semester har sjølvstendig praksis med rettleiing.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:


Kunnskapar

Studenten kjenner til teori, forsking og musikkterapeutiske arbeidsformer i eldreomsorg, og psykisk helse- og rusarbeid.

Studenten har djubdekunnskap som er nødvendig for utøving av musikkterapi innan eit breitt felt av kontekstar i psykisk helse- og rusarbeid, og god kunnskap i eldreomsorg.


Dugleikar

Studenten har godt utvikla dugleikar for musikkterapeutisk praksis innan psykisk helse og rus, og i eldreomsorg.

Studenten har evne til å utforme og skreddarsy musikkterapitilbod til brukar og organisasjon, og har evne til å tilpasse tilbodet til behov i ulike arbeidsfasar (helsefremmande og førebyggjande arbeid, behandling, og oppfølgingsarbeid).

Generell kompetanse

Studenten har utvikla eit repertoar av musikkterapeutiske arbeidsformar som kan nyttast fleksibelt i dei aktuelle praksisfelta.

Studenten kan nytte sine kunnskapar og dugleikar på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.

Studenten demonstrerer evne til tverrfagleg samarbeid, tverretatleg arbeid og kunnskapsoverføring.

Krav til forkunnskapar

Opptak til 300-nivå i det integrerte masterprogrammet i musikkterapi og gjennomført og bestått MUTP305.

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Ca. 12 forelesninger med varierte undervisningsformer som integrasjon av teoretisk og praktisk-metodisk kunnskapsstoff, og vil inkludere førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar og dessutan ei verkstadsform med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik i musikkterapi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs:
- Praksis med rettleiing og innlevering av praksisrapport (se Arbeidshefte for praksis)
- Ei praktisk-metodisk arbeidsbok med 10 aktivitetar skal utarbeidast
- 3 skriftlige tekstar, kvar på ca. 1000 ord
- BMGIM-kurs

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Ei skriftleg oppgåve basert på tre kortare skriftlege arbeid gjennom året. Den innleverte oppgåva skal innehalde tre komponentar og vere knytt til studentens eigenpraksis.

- Eit observasjons- eller refleksjonsnotat om klientretta arbeid som gjer koplingar til forsking og teoretiske perspektiv.

- Ein kommentert musikkterapeutisk song eller aktivitet som studenten sjølv har arrangert eller komponert. Kommentaren til den musikkterapeutiske songen/aktiviteten skal grunngje musikalske val utifrå terapeutiske målsetjingar.

- Ein utforskande refleksiv tekst om musikkterapi i system (til dømes integrasjon i institusjon, tverrfagleg samarbeid, samarbeid med pårørande)

Den innleverte oppgaven skal vere på ca. 3000 ord, med linjeavstand 1,5 og 12 pkt. skrift. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Når to eller fleire studentar skriv oppgåve saman, blir omfanget utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar.

Den endelege oppgåva blir vurdert som ein heilheit.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd 

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum er på ca. 800 s. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

 

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf; 55 58 69 50