Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Ensembleleiing korps

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV211
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

30 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å lære studenten til å meistre direksjonsteknikk og til å formidle uttrykk og interpretasjon andsynes eit ensemble.

Innhald:

Emnet inneheld arbeid med korps under rettleiing, dirigering, partiturarbeid og ensembledidaktikk.

Emnet vert normalt organisert i samarbeid med Norges Musikkorps Forbund (NMF).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

-kjenner dei ulike korpsbesetningane og dei einskilde instrumenta

-kjenner prinsippa for elementær arrangering og instrumentering for korps

-har metodar for å innstudere repertoar med eit korps

Ferdigheiter

Studenten ..

-kan dirigera med bruk av taktfigurar

-kan formidle tempo, karakter og dynamikk til eit korps

Generell kompetanse

Studenten ..

-har utvikla gode leiareigenskapar

Krav til forkunnskapar

120 studiepoeng i musikk tilsvarande dei to fyrste åra ved Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk.

Det vert halde opptaksprøve for alle kvalifiserte søkjarar.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studentane tek aktivt del i øvingar, konsertar og andre typer prosjekt (t.d. innspeling) knytt til undervisninga.

Eigeninnsats er sett saman av førebuing av eige direksjonsrepertoar, innøving og øving med øvingsensemble utan rettleiar.

Fellesprosjekt med andre studieemne (t.d. ulike tilbod innanfor arrangering, orkestrering og komposisjon) er aktuelt når tilhøva ligg til rette for det.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- praksis og observasjon

- praksisrapport

- partiturarbeid med vekt på arrangering/instrumentasjon

- tre konsertframføringar

Studenten skal laga ein komposisjon, eit arrangement eller eit orkestreringsarbeid av 3-5 minutt lengde som vert framført i samband med eksamenskonsert.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen vert gjennomført som konsert der studenten leier innstudering og framføring av eit repertoar på 30 minutt repertoar.

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lyttepensum for janitsjar og brassband.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon