Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Ensemblefordjupning/Kammermusikk II

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV215
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk og/eller engelsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje fordjuping i og erfaring med samspel/komposisjon for eit ensemble.

Emnet MUV215 Ensemblefordjuping/Kammermusikk II skal formidle forståing for

kunstnarlege val og problemstillingar knytt til det å vere ein del av eit ensemble som utøvar eller komponist.

Innhald:

Gjennom praktisk utøving/komponering skal studenten:

- tileigne seg personleg og musikalsk erfaring gjennom utøvande eller skapande praksis

- utvikle evna til å leie ei innstudering av eit verk

- vidareutvikle evner relatert til samspel, presisjon, klangbruk, frasering, intonasjon

- vidareutvikle stilforståing, heilskapstenking o.a.

- saman med gruppa utvikle ei sjølvstendig ansvarskjensle i samband med innøvingsprosessar og framføringar.

Mot slutten av studieåret skal studenten utarbeide ei prosjektbeskriving eller programtekst som reflekterer vurderingane og vala som vert gjort i prosjektet.

Studentar med komposisjon som hovuddisiplin, arbeider med komponering, innstudering og framføring av eigenkomponert musikk i samarbeid med utøvande studentgrupper.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Ferdigheiter

Studenten ..

- kan gje og motta impulsar som utviklar samspelet i eit ensemble

- kan uttrykkje seg verbalt om kunstnarlege val og om det repertoaret ein vel ut som program

Generell kompetanse

Studenten ..

- kan saman med medmusikarane drøfte og realisere kunstnarlege intensjonar for ensemblet

- viser sjølvstende og integritet i høve til arbeidet saman med medmusikarar i eit ensemble

- viser forståing for både stil og eigenart i høve til å spele i eller komponere for eit ensemble.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon og MUV214 Ensemblefordjuping/Kammermusikk I.

Studentar som ønskjer å ta emnet må skrive ei prosjektskisse. Prosjektskissa, som blir vurdert av faglærarar, skal innehalde opplysningar om:

  • kven som søkjer emnet (kvar student i ensemblet som søkjer emnet må individuelt skrive same prosjektskisse)
  • kven som er med i ensemblet (inkluderer dei som deltar i ensemblet, men som ikkje søkjer emnet), ensemblet skal normalt ha 3-9 medlemer, men i særskilde høve kan også duoar aksepterast. Emnet kan gjennomførast i eksternt ensemble etter særskild søknad.
  • Kva verk som blir føreslått innstudert/komponert (minst to verk), og speletida til verka.
  • Korleis prøvearbeidet vert planlagt og organisert, inkl. ein tentativ prøveplan.
  • Kven ein ønskjer som ansvarleg hovudrettleiar for prosjektet.

Prosjektskissa og ensemblet kan reviderast/endrast fram til 15. sept. det studieåret emnet vert gjennomført.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUV213 Ensemblefordjuping/Kammermusikk II

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Saman med dei andre medlemene i ensemblet skal studenten innstudere og framføre eit program på til saman minst 30 min. Ensemblet organiserer sine eigne innstuderingsprøver, jfr. prosjektskissa.

Det blir lagt stor vekt på individuell innsats og gruppearbeid.

Undervisninga blir gitt gjennom grupperettleiing av det praktisk utøvande arbeidet og tekstarbeidet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Grupperettleiing på eit utval av innstuderingsprøvane.
  • Rettleiing på tekstarbeid.
  • Tekstoppgåve (ca. 1500 ord) relatert til programmet og/eller prosessen i ensemblet. Teksten vert rettleia og levert individuelt eller som gruppearbeid. Oppgåva skal godkjennast av rettleiar.
  • Framføring med repertoar på minimum 15 minutter, normalt gjennomført i slutten av haustsemesteret.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

- Konsertfremføring med minimum 15 minutt repertoar i slutten av vårsemesteret.

- Komposisjonsstudenter skal leggje fram partitur i samband med eksamensframføringane.

Framføringa må skje i ensemblet ein er teken opp til.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV213 Ensemblefordjuping/Kammermusikk II

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50