Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikkformidling

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV221
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen og/eller Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet fremjer har som mål å fremje forståing og sjølvstende i eit komande yrke som musikar.

Innhald:

Emnet MUV221 Musikkformidling tar opp tema som tilretteleggjing av musikkprogram for ulike publikumsgrupper, media si formidlingsrolle innan musikk, støtte- og finansieringsordningar, organisasjonsstruktur og administrasjon og finansiering av eiga utøvande verksemd.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har innsikt i norsk kulturforvaltning og finansieringsordningar

 Ferdigheiter

Studenten ..

* kan førebu og tilrettelegge for ein utøvande produksjon som t.d. konsert eller turné

Generell kompetanse

Studenten ..

* forstår å setje saman eit musikalsk program for ulike produksjonstypar.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår av Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det blir arbeidd med følgjande delar:

 1) Musikk og samfunn:

- musikk og kulturlivet: organisering og ansvarsfordeling

- arbeidsmarknad

- støtte- og finansieringsordningar (lokalt, nasjonalt, internasjonalt)

- sponsoravtalar.

2) Musikk og media:

- annonsar og pressemeldingar

- kritikk

Innføring i musikk og media kan, om tilhøva ligg til rette for det, tilretteleggast i samarbeid med andre relevante fagmiljø på UiB.

3) Musikkproduksjon:

- observasjon av ein produksjon (konsert, tilstelling o.l.) med etterfølgjande utforming av rapport.

- deltaking i tilrettelegging av større studentkonsert o.l., t.d. operaprosjekt.

- grunntrening i performance, sceneopptreden, regi, lyssetjing o.a. undervisninga kan, om tilhøva ligg til rette for det, samorganiserast med emnet MUV243 Musikkdramatikk.

- Prosjektarbeid som omfattar utforming, produksjon og framføring av konsertprogram for ei definert målgruppe (t.d. born i førskulealder, grunnskule (barnetrinn eller ungdomsskule), vidaregåande skule, aldersheim o.l.)

Aktuelle samarbeidspartnarar under pkt. 3 er Bergen Kulturskole og Rikskonsertane.

Det vert lagt stor vekt på gruppearbeid gjennom heile studiet. Under prosjektet i vårsemesteret skal studentane arbeide som ensemble med ein konsert/ ei tilstelling.

Dette omfattar også tilrettelegging (komponering og arrangering) av musikalsk materiale.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på førelesingar, jf. punkt 1-2 ovanfor.

- Delta på rettleia gruppearbeid, jf. punkt 3 ovanfor.

Det er forventa at studentane tek eit vesentleg ansvar for å organisere prosjekta i emnet.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Gruppeeksamen.

Eksamen skal gjennomførast som ein konsert med eit program tilpassa ei definert målgruppe.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50