Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Akkompagnement II

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV226
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk og/eller engelsk.

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje auka kunnskap, innsikt og evner i å akkompagnere/delta i samspel med instrumentalistar og songarar i breiast mogleg repertoar.

Studiet siktar mot å utvikle musikalsk fleksibilitet, samarbeidsevne, kreativitet og formidlingsevne.

Innhald:

Undervisninga legg vekt på å utvikle praktisk erfaring med akkompagnement kobla med å diskutere og verbalisere musikalske problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Ferdigheiter

Studenten ..

* meistrar til dels kompliserte akkompagnementsoppgåver på hovudinstrumentet og den profileringa ein har valt

* akkompagnerer med ein tydeleg kunstnarleg stil og profil

* kan kommunisere og realisere musikalske idear til og saman med samspelpartnar

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan gje uttrykk for og beskrive musikalske problemstillingar på ein konstruktiv og skapande måte.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

MUV225 Akkompagnement I eller tilsvarande må vere gjennomført.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUV2123 Akkompagnement I / Accompaniment I

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Gjennom studiet skal studenten arbeide med:

  • utvikling av eigne evner, interpretasjon og tileigning av repertoar
  • primavista-spel.

Emnet kan omfatte korrepetisjon og partiturspel, for cembalo, orgel og dessutan generalbass.

Individuell rettleiing og samspelrettleiing står sentralt.

Det er ein føresetnad at det blir inngått faste samspelsavtalar med medstudentar på ulike instrument. Studenten i emnet skal akkompagnere minst ein songar. Repertoaret bør dessutan omfatte verk for strykarar og blåsarar.

Emnet kan samordnas med MUV243 Musikkdramatikk når forholda ligg til rette for det.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på følgjande undervisning:

  • individuell rettleiing
  • fellestimar

Repertoarkrav:

Minimum 60 minutt med variert repertoar.

Repertoaret skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og levert på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av faglærar.

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innan 15. april (ev. 15. oktober).

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Studenten vel eit eksamensrepertoar på 30 min frå sitt repertoar (sjå ovanfor).

Dette skal framførast som konsert.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV2123 Akkompagnement I / Accompaniment I

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50