Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Biinstrument A

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV227
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk og/eller engelsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet MUV227 har som mål å gje studenten eit utvida kunstnarleg og teknisk fundament for kreativt, allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar.

Det vert fokusert på

- å utvikla studenten sine evner som utøvar

- instrumentkunnskap/stemmefysiologi

- interpretasjons- og repertoarkunnskap

- samspel

Innhald:

I studiet vert det arbeidd med å utvikle grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit gjennom individuell rettleiing, eiga øving og samspel.

Studiet tar opp tema som konstruksjonen/fysiologien, virkemåten og historikken til instrumentet/stemma.

Studenten skal arbeide med minst to relevante sjangrar og/eller stilartar.

Studenten bør vere med i ensemble (inkludert duo) med relevant repertoar.

Emnet vert tilbydd på

- instrument med eigne fagtradisjonar og eige repertoar,

- instrument som også kan verte tilbydd som hovudinstrument på utdanningsinstitusjonar,

- historiske variantar av hovudinstrument (t.d. cembalo, hammerklaver og barokke stryke- og blåseinstrument), om tilhøva ligg til rette for det;

- instrument som står i nær slektskap med studenten sitt eige hovudinstrument, t.d. orkesterinstrument som kontrafagott, engelsk horn, bassklarinett, piccolo o.l.

I tvilstilfelle skal programleiinga avgjere kva instrument som kan studerast som biinstrument.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har grunnleggjande kunnskap om biinstrumentet sin konstruksjon og virkemåte, historikk og tradisjon

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan framføre eit kort repertoar på biinstrumentet

* kan kvalifisere seg for opptak til MUV229 Biinstrument påbygging

Generell kompetanse

Studenten ..

* har innsikt til å arbeide på eiga hand med tekniske utfordringar.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.

Opptak skjer på grunnlag av opptaksprøve med 10 minuttes sjølvvalt repertoar. Dersom biinstrument er relatert til hovedinstrument kan hoved- og / eller bi-instrumentlærer gjere ein faglig vurdering av nivå hos studenten utan opptaksprøve.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

 Emnet erstatter MUV220 Spesialinstrument og MUV2151 Biinstrument I.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt gjennom individuell rettleiing.

Det inngår ingen akkompagnatørressurs i emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på undervisning (individuell rettleiing)

- innstudere minst 30 minutt repertoar. I samråd med faglærar kan desse inkludere inntil 10 min ensemblespel.

Repertoaret skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og levert på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av faglærar.

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innen 15. april (ev. 15.oktober).

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen vert gjennomført som ei konsertframføring av eit repertoar på 10 - 15 min, der deler av programmet kan vere samspel.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV220 Spesialinstrument og MUV2151 Biinstrument I.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Konsert

    Trekkfrist
    15.10.2018