Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovudinstrument jazz 3

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV232
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og / eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som improviserande
musikar ved å utvikle:
- gehørspel/improvisasjon
- stilistisk differensiert interpretasjonsevne
- teknisk og musikalsk ferdigheit
- eit breitt repertoar
- personleg uttrykk og formidlingsevne

Emnet er sett saman av følgande delemne:
- eigenferdigheit
- innstuderings- og øvingsteknikk
- instrumentkjennskap/stemmefysiologi
- interpretasjons- og repertoarkunnskap
- ensemblespel
- konsert- og formidlingspraksis

Eigenferdigheit tek m.a. opp improvisasjonskunnskap,
spele-/vokalteknikkar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song.


Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metoder for å oppnå
effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar.


Interpretasjons- og repertoarkunnskap tek, gjennom vurdering og
utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til jazz som musikalsk
uttrykk.


Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av
ulik storleik.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- arbeider sjølvstendig med tekniske og musikalske
problemstillingar og utfordringar.
- har utvikla eigne kunstnarlege intensjonar og musikalske idear.
- kjenner inngåande til repertoar og tradisjonar knytta til
hovudinstrumentet.
- er i ferd med å utvikle stilkjensle i utøvinga.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i emnet MUG143 Hovudinstrument jazz 2 og MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing eller tilsvarande.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis
rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike
ensembleaktivitetar.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje
ein individuell arbeidsplan og sjå til at studieplanen sine krav
vert følgt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på følgjande undervisning:

- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar/-ar

- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe

- ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)

- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)

- meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)
- minimum tre framføringar av solistisk og kollektiv karakter på interne og/eller offentlege konsertar, til saman min. 90 minutt.

Repertoarkrav:
- minst 60 minutt repertoar/15 komposisjonar av ulik karakter.
Repertoar skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (ev. 15. oktober).

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Det vert halde eksamen etter andre semester Eksamen omfatter ei konsertframføring med min. 6 komposisjonar frå eige repertoar, til saman på 40-45 minutt.
Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd.

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Eksamensinformasjon