Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovudinstrument jazz 4

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV233
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret, og går over to semester.

Mål og innhald

musikar ved å utvikle:
- gehørspel/improvisasjon
- stilistisk differensiert interpretasjonsevne
- teknisk og musikalsk ferdigheit
- eit breitt repertoar
- personleg uttrykk og formidlingsevne

Emnet er sett saman av følgjande:
- eigenferdigheit
- innstuderings- og øvingsteknikk
- instrumentkjennskap/stemmefysiologi
- interpretasjons- og repertoarkunnskap
- ensemblespel
- konsert- og formidlingspraksis

Eigenferdigheit tek m.a. opp improvisasjonskunnskap,
spele-/vokalteknikkar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song.


Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metoder for å oppnå
effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar.

Interpretasjons- og repertoarkunnskap tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike
tolkingsmåtar knytt til jazz som musikalsk uttrykk.


Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av
ulik storleik

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- viser kunstnarleg uttrykksevne.

-har høgtinstrumental/vokalteknisknivåogkanmeistreframføringaravkrevjanderepertoar.
- viser instrumentale/vokale evner til å realisere eigne musikalske
intensjonar.
- har innstudert eit breidt repertoar og viser innsikt i ulike
stilartar og tradisjonar.
- kan jobbe målretta og sjølvstendig, åleine og saman med andre.
- kan musisere saman med andre, og kommunisere på ein konstruktiv
måte.
- kan improvisere.
- dokumenterer kunnskap om og meistrer teknikkar for innstudering,
øving, prestasjonsførebuing og førebyggjing av belastningsskader.
- kan presentere og formidle musikk i ulike samanhengar.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i MUV232 Hovudinstrument jazz 3 eller tilsvarande.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet fylgjer undervisningsplanen for instituttet. Undervisninga
vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis
rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike
ensembleaktivitetar.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje
ein individuell arbeidsplan og sjå til at studieplanen sine krav
vert følgt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på følgjande undervisning:

- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar/-ar
- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
- ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)
- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
- meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)

- minimum tre framføringar av solistisk og kollektiv karakter på interne og/eller offentlege konsertar, til saman min. 90 minutt.

Repertoarkrav:
- minst 120 minutt repertoar/20 komposisjonar (inkl. 60 min. frå MUV232 Hovudinstrument jazz 3) av ulik karakter, 10 av desse kan vere ei bestemt fordjupning/stilspesialisering.
Repertoar skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og leverast på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (ev. 15. oktober).

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Det vert halde eksamen etter andre semester Eksamen
omfatter ei konsertframføring med min. 6 komposisjonar frå eige
repertoar, til saman på 40-45 minutt.

Eksamensrepertoaret skal i låtvalg og musikalsk innhald representere ei tydeleg utvikling frå MUV232.
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to
sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala

Bokstavkarakter frå A til F.

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Eksamensinformasjon