Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovuddisiplin komposisjon 3

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV234
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Mål og innhald

Studenten vil i dette emnet arbeide med kreative og kompositoriske prosessar, som så skal setjast inn i eit større fagleg perspektiv. Gjennom å kombinere skapande og analytisk arbeid skal studenten øve opp vurderingsevna og forståinga for tekniske og estetiske aspekt, både i eigne komposisjonar og innanfor musikalsk praksis generelt.


MUV234 Hovuddisiplin komposisjon 3 er det tredje hovudemnet i den fireårige komposisjonsutdanninga, og vert studert i sammenheng med det etterfølgjande emnet MUV235 Hovuddisiplin komposisjon 4. Emnet vil kvalifisere for vidare studiar innanfor komposisjon eller musikkteori/vitskap, eller det kan bli komplettert med ei pedagogisk påbyggjing. Emnet gjev eit fagleg fundament for framtidig arbeid innanfor musikkfeltet som t.d. komponist eller pedagog, innan formidling, musikkadministrasjon osb.


Emnet vidareutviklar ferdigheita i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet og som kunstnarleg uttrykk i seg sjølv.
På same måten som kombinasjonen MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1 og MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2 handsamar dette emnet moderne kunstmusikalsk komposisjon, men med større vekt på eiga kunstnarleg utvikling. Emnet gjev dermed rom for større grad av fordjuping og konsentrasjon omkring avgrensa tema, noko som også påverker innhaldet i dei ulike komponentane. Fordjupinga skal framleis få perspektiv og styrkje gjennom undersøkingar av relevant musikk, komposisjonsteknikkar og aktuelle problemstillingar henta frå ulike område av heile musikktradisjonen.


Emnet vert normalt studert i semester 5-6 innanfor ei fireårig komposisjonsutdanning.
Det sjølvstendige arbeidet til studenten står sentralt, gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg, og gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- arbeider sjølvstendig med tekniske og musikalske
problemstillingar og utfordringar.
- har utvikla eigne kunstnarlege intensjonar og musikalske idear.
- har skaffa seg en basis både teoretisk og kreativt for utviklinga
av eit personleg tonespråk.
- er i ferd med å utvikle stilkjensle og røynsle med estetiske
problemstillingar.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i emnet MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2 og MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Søkjaren bør ha ei god oversikt over tradisjonelt og nyare musikkrepertoar, og dessutan vere orientert i sentrale omgrep og problemstillingar frå musikkteori/estetikk og musikkskaping.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet fokuserer på:

- komposisjon som kreativ prosess
- komposisjonsteknikkar og instrumentasjon
- verkanalysar og repertoarkunnskap
- estetiske problemstillingar
- konsert- og formidlingspraksis

Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna
gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit
særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan i
tråd med studieplanen.
Opplegget og innholdet i dette emnet er sterkt knytta til MUV235
/Hoveddisiplin komposisjon 4. Den individuelle progresjonsplanen
for dette emnet vil derfor sjå begge emna under eitt.
Komposisjon som kreativ prosess:
Gjennom individuell rettleiing, i prosjekt og i seminar arbeider
studenten med definerte oppgåver og med eigne verk. Ei oversikt
over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar
før framstilling til avsluttande eksamen.

Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon:
Gjennom individuelle timar, seminar og eigen innsats skal studenten
arbeide vidare med utvalde satsteknikkar og instrumentasjonspraksis
frå eldre og nyare tid som er nyttige i høve til eigen utvikling
som komponist. Bruk av datamaskin høyrer med i dette arbeidet. Ei
oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av
faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

Verkanalysar og repertoarkunnskap:
Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått i rettleiing
og/eller i seminarform.
I tillegg skaffar studenten seg ei meir generell repertoaroversikt
over sentrale verk og stilar i høve til eige arbeid, gjennom
lytting og/eller partiturlesing. Eit slikt individualpensum blir
utforma i samråd med faglærar. Studenten skal minst ein gong i
løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse
i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå
seminar). Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

Estetiske problemstillingar:
Komponentane ovanfor skal også granskast nærare som konkrete døme på
sentrale problemstillingar kring viktige omgrep som til dømes rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.I samband med
dette skal det i samråd med faglærar bli lagt opp eit
individualpensum. Individualpensumet skal vere godkjent av faglærar
før framstilling til avsluttande seminar.

Konsert og formidlingspraksis:
Det er forventa at studenten på eige initiativ arbeider praktisk
med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar
ved og/eller utanfor instituttet, der arbeid og resultat blir spelt
inn. I tillegg vil studenten bli aktivisert i obligatoriske
prosjekt i regi av instituttet. Studenten skal ha medverka som
komponist ved ulike konsertframføringar minimum to gonger under
studietida av emnet. Dette skal kunne verte dokumentert før
framstilling til avsluttande eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på følgjande undervisning:

- Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar av minimum tre komposisjonar som
dannar grunnlag for mappevurdering.
- Prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
- seminar for mindre gruppeeiningar (t.d. studentar på same studietrinn eller same fordjupingsemne)
- fellesforum
- meisterklassar, seminar, ekskursjon o.l. (jf. eigen semesterplan)

- verkframføring og medverknad i interne og/eller offentlege konsertar

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Eksamen vert gjennomført som mappevurdering. Mappa skal omfatte minimum 3 - tre ulike komposisjonar og øvingar for ulike besetningar, med ei minimum samla speletid på min. 10-15 minutt, avhengig av verkkompleksitet og stil, skrive under studiet, med rettleiing.

Partitur skal normalt vere framført før eksamen, og vere dokument av medfølgjande lydfestingar. Elektroakustisk musikk skal dokumenterast som lydfesting, saman med høveleg dokumentasjon av produksjonsfasen (datautskrifter, programkode, datafiler, video osb.) I særskilde høve kan studenten få dispensasjon frå kravet om lydfesting.
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/ Ikkje greidd.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Eksamensinformasjon