Musikkformidling
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMUV236
- Talet på semester2
- SpråkNorsk og/eller engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
Emnet MUV236 Musikkformidling har eit omfang på 10 studiepoeng.Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsstad
Bergen og/eller Voss
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å fremje forståing og sjølvstende i eit komande yrke som musikar. Emnet skal formidle innsikt og erfaring i kva dei ulike publikumsgruppene krev av tilrettelegging.
Innhald:
Musikkformidling skal gje studenten innsikt i dei mange moglegheitene som finst innanfor musikkformidlingsfeltet i norsk musikkliv, og erfaring med å førebu og delta i ein musikkproduksjon for ei definert målgruppe. Emnet høver både for instrumentalistar, songarar og komponistar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
¿ har kunnskap om kva ulike publikumsgrupper krev av tilrettelegging
Ferdigheiter
Studenten
¿ kan førebu og tilretteleggje for ein utøvande produksjon som t.d. konsert eller konsertførestilling
¿ forstår å setje saman eit musikalsk program for ulike produksjonstypar
Generell kompetanse
Studenten
¿ kan orientere seg i moglegheitene og rammene for utøvande kunstnarleg verksemd retta mot ulike publikumsgrupper i samfunnet
¿ kan utøve musikk med bevisstheit om sin eigen kommunikasjon med ulike publikumsgrupper
Krav til forkunnskapar
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår av Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.Studiepoengsreduksjon
Emnet overlapper med MUV221 MusikkformidlingKrav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller andre studieprogram på Griegakademiet etter individuell søknadArbeids- og undervisningsformer
Det blir arbeidd med formidling til publikum på følgjande måtar gjennom workshops/praktisk trening/prosjektarbeid:
- grunntrening i performance, sceneopptreden, regi, lyssetjing o.a. undervisninga kan, om tilhøva ligg til rette for det, samorganiserast med emnet MUV243 Musikkdramatikk.
- Prosjektarbeid som omfattar utforming, produksjon og framføring av konsertprogram for ei definert målgruppe (t.d. born i førskulealder, grunnskule (barnetrinn eller ungdomsskule), vidaregåande skule, aldersheim o.l.)
Prosjektarbeidet skal resultere i ei framføring som er eksamen i emnet, sjå under vurderingsformer.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Delta på undervisning.
- Delta på rettleia gruppearbeid.
Det er forventa at studentane tek eit vesentleg ansvar for å organisere prosjekta i emnet.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Gruppeeksamen.
Eksamen skal gjennomførast som ein konsert med eit program tilpassa ei definert målgruppe.
Intern sensur med minst to sensorar.
Karakterskala
bestått/ikke beståttVurderingssemester
vårEmneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.Programansvarleg
Programstyret og rektor ved Ole Bull Akademiet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Gruppeeksamen- utøvende prøve
- Dato
- 06.05.2022, 08:15