Musikkformidling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å fremje forståing og sjølvstende i eit komande yrke som musikar. Emnet skal formidle innsikt og erfaring i kva dei ulike publikumsgruppene krev av tilrettelegging.

Innhald:

Musikkformidling skal gje studenten innsikt i dei mange moglegheitene som finst innanfor musikkformidlingsfeltet i norsk musikkliv, og erfaring med å førebu og delta i ein musikkproduksjon for ei definert målgruppe. Emnet høver både for instrumentalistar, songarar og komponistar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kva ulike publikumsgrupper krev av tilrettelegging

Ferdigheiter

Studenten

  • kan førebu og tilretteleggje for ein utøvande produksjon som t.d. konsert eller konsertførestilling
  • forstår å setje saman eit musikalsk program for ulike produksjonstypar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan orientere seg i moglegheitene og rammene for utøvande kunstnarleg verksemd retta mot ulike publikumsgrupper i samfunnet
  • kan utøve musikk med bevisstheit om sin eigen kommunikasjon med ulike publikumsgrupper

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

Emnet MUV236 Musikkformidling har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen og/eller Voss
Krav til forkunnskapar
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår av Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlapper med MUV221 Musikkformidling
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller andre studieprogram på Griegakademiet etter individuell søknad
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir arbeidd med formidling til publikum på følgjande måtar gjennom workshops/praktisk trening/prosjektarbeid:

- grunntrening i performance, sceneopptreden, regi, lyssetjing o.a. undervisninga kan, om tilhøva ligg til rette for det, samorganiserast med emnet MUV243 Musikkdramatikk.

- Prosjektarbeid som omfattar utforming, produksjon og framføring av konsertprogram for ei definert målgruppe (t.d. born i førskulealder, grunnskule (barnetrinn eller ungdomsskule), vidaregåande skule, aldersheim o.l.)

Prosjektarbeidet skal resultere i ei framføring som er eksamen i emnet, sjå under vurderingsformer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på undervisning.

- Delta på rettleia gruppearbeid.

Det er forventa at studentane tek eit vesentleg ansvar for å organisere prosjekta i emnet.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Gruppeeksamen.

Eksamen skal gjennomførast som ein konsert med eit program tilpassa ei definert målgruppe.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala
bestått/ikke bestått
Vurderingssemester
vår
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret og rektor ved Ole Bull Akademiet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.