Musikkdramatikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet MUV243 har som mål å gje innsikt i musikkdramatikk og dei ulike elementa knytt til musikkteaterproduksjon.

Studiet fokuserer på:

- kroppen som uttrykksmiddel

- form og innhald i musikkdramatiske verk

- scenografiske og teatertekniske verkemiddel

- scenisk grunntrening

- regi

Innhald:

Det vert arbeidd i prosjekt med scenisk grunntrening, regi og instruksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner dei sentrale scenografiske og teatertekniske verkemidla som er i bruk i musikkdramatisk produksjon

* forstår korleis dei ulike musikkdramatiske sjangrane er bygd opp

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan koble eiga vokalutøving med scenisk instruksjon

Generell kompetanse

Studenten ..

*har eit omgrepsapparat for korleis instruksjon og regi vert formidla i eit ensemble.

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon med song som hovuddisiplin, eller tilsvarande. I særskilde høve (etter opptaksprøve) kan også studentar med song som biinstrument få opptak.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV217 Musikkdramatikk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUV217 Musikkdramatikk.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet vil delvis verte samorganisert med andre vokalstudium ved instituttet. Undervisninga omfattar fellesførelesingar og prosjektarbeid og blir gjennomført i samsvar med ein eigen semesterplan. Det blir lagt stor vekt på gruppearbeid. I tillegg kjem tilrådd litteratur, innspelingar o.a. som det er ein føresetnad at studenten set seg inn i på eiga hand.

Prosjektarbeid omfattar:

- deltaking i retteleia scenisk produksjon.

- Deltaking i scenisk produksjon organisert utanfor Griegakademiet. Praksisarbeidet kan utførast som songar/skodespelar eller som produsent, inspisient, scenearbeidar eller som ein annan teaterteknisk medarbeidar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i prosjektarbeid.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Dette gjeld for heile gruppa samla.

Vurderingsformer

Eksamen er scenisk framføring av prosjektarbeid.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet - Institutt for musikk