Samtidsmusikk
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMUV244
- Talet på semester2
- Språk
Norsk og/eller engelsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 stp
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje innføring i sentrale aspekt innan kunstmusikk frå rundt 1950 og fram til i dag, innanfor komposisjon, improvisasjon, utøving og interpretasjon.
Innhald:
Emnet tek utgangspunkt i musikk frå vår eiga nære fortid og fram til vår eiga tid. Emnet høver godt for utøvarar både innanfor klassisk og jazz, og for komponistar som ønskjer ein introduksjon til dei musikalske uttrykksformene i samtida.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* er kjend med ulike notasjonsmåtar innan samtidsrepertoaret
* kjenner til eit breitt utval teknikkar innanfor hovudinstrumentet
Ferdigheiter
Studenten ..
* har metodar for å anvende og innstudere dei mest sentrale teknikkane på hovudinstrumentet
Generell kompetanse
Studenten ..
* har eit oversyn over samtidsmusikkhistoria i form av kjennskap til verk og musikkfilosofi.
Krav til forkunnskapar
Emnet er normalt et tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Emnet erstatter MUV218 Samtidsmusikk.
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Emnet omfattar:
- ulike former for notasjon
- sceniske verkemiddel
- eksperimentelle teknikkar og særskilde effektar for ulike instrument
- bruk av lydfesta materiale
- elektroniske verkemiddel
- intonering og mikrointervallar
Studenten innstuderer to kontrasterande verk som blir framført på konsert og eksamen. Det eine verket skal også presenterast munnleg, og det andre skal omtalast i ein programtekst (1-2 sider).
Gjennom eit eige lytterepertoar skal studenten få kjennskap til og oversyn over sentrale samtidsverk. Det blir også arbeidd med «intuitiv musisering», dvs. eksperimentering med grunnleggjande element (tonar, rytme, dynamikk og klangfarge) og former i musikken.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- førelesingar
- gruppearbeid
- ensembleprøver
- godkjent liste over lytterepertoar som inneheld 20-25 verk med relevans for studenten sitt hovudinstrument.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- konsertframføring av minst eitt verk, normalt gjennomført i vårsemesteret.
Intern sensur med minst to sensorar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Fagleg overlapp
Emnet erstatter MUV218 Samtidsmusikk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet - Institutt for musikk
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Konsert
- Dato
- 30.05.2022