Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikkdramatikk påbygging

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMUV245
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemester og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane større operarepertoar.

Innhald:

Gjennom operaprosjekt, scenisk grunntrening, regi og instruksjon vert det fokusert på musikkdramatikk og ulike element knytt til musikkteaterproduksjon.

Emnet skal gje studenten kunnskap og erfaringar med:

- kroppen som uttrykksmiddel

- form og innhald i musikkdramatiske produksjonar

- scenografiske og teatertekniske verkemiddel

- scenisk grunntrening

- regi

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner sentrale musikkdramatiske verk

Ferdigheiter

Studenten ..

* har grunnleggjande ferdigheiter i scenisk framsyning og musikalsk rollestudium

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan reflektere i skriftleg form over eigne erfaringar knytt til emnet

* er førebudd for audition for sceniske produksjonar/vidare operastudiar.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført MUV 243 Musikkdramatikk.

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon med song som hovuddisiplin, eller tilsvarande. I særskilde høve (etter opptaksprøve) kan også studentar med song som biinstrument få opptak.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet består dels av undervisning leia av lærar og dels av sjølvstendige studiar. Emnet legg stor vekt på gruppearbeid, og evne til å kunne fungere i ensemble så vel som evne til sjølvstende.

Undervisninga består av gruppeundervisning og prosjektbasert undervisning, men kan også gå føre seg som individuell undervisning.

Prosjektarbeid omfattar:

  • Deltaking i scenisk produksjon med profesjonell instruktør.
  • Praksis i eksternt musikkteaterprosjekt, godkjent av instituttet. Det kan vere på profesjonelt/semiprofesjonelt nivå. Det kan òg vere i samarbeid med frivillig musikkliv/kulturskular, grunnskular eller annan utdanningsinstitusjon. Praksisarbeidet kan utførast som songar/skodespelar eller som produsent, inspisient, scenearbeidar eller av ein annan teaterteknisk medarbeidar.

Emnet vil delvis gå saman med andre vokalstudium ved instituttet, og undervisninga kan også vere open for andre songstudentar. Undervisninga vert samordna med MUV243 Musikkdramatikk, og studentane på dei to emna arbeider saman i ein scenisk produksjon.

Undervisninga blir gjennomført i samsvar med ein eigen semesterplan.

I tillegg kjem tilrådd litteratur, innspelingar o.a. som det er ein føresetnad at studenten set seg inn i på eiga hand.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Fellestimar/gruppeundervisning

- Rettleia prosjektarbeid i gruppe

- Innstudering av ei hovudrolle (studenten vel rolla i samarbeid med hovudrettleiar i song) i rollestudium med scenisk framføring av minimum ei scene beståande av recitativ, arier og ensemble, minimum 15 minutt

- Skriftleg beskriving (om lag 1500 ord) av prosjektet inkl. personlege kunstnarlege val knytt til rolletolking og scenisk produksjon. Oppgåva skal godkjennast av emneansvarleg.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Vurderinga består av to deler:

  • En gruppevurdering av scenisk framføring av prosjektarbeid.
  • Individuell vurdering avframføring på minimum 15 minutt frå sjølvvald hovudrolle.

Dei to delane vert vekta likt.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50