Tidleg musikk, ensemble I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet gjev grunnlag for interpretasjonEmnet har som mål å førebu for utøving innanfor konteksten historisk orientert informert framføringspraksis, utan at bruk av periodeinstrument er naudsynt. For studentar med klaver som instrument er det naturleg at emnet gir ein introduksjon i historiske tasteinstrument.

Innhald:

MUV246 Tidleg musikk, ensemble I gjev innføring i repertoar frå middelalder, renessanse, barokk, klassisk eller romantisk stil. Her blir utøving og refleksjon kombinert gjennom framføring, lytting, kjeldestudium, ensembleaktivitetar og fellestimar. Den einskilde studenten vel sitt/sine fagområde for fordjuping.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner dei generelle stiltrekka i repertoarområdet ein fordjupar seg i

* kan søkje og finne kjeldemateriale i musikkmanuskript og tekstar knytt til repertoarområdet ein fordjupar seg i

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan utøve tidlegmusikk på eige hovudinstrument

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan anvende tileigna kunnskap i framføring av musikk frå repertoarområdet ein fordjupar seg i.

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret, og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Emnet kan søkjast av studentar med hovudinstrument med relevans for stilen ein veljer som fordjupingsområde.

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.

Søkjarar med utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar må kunne dokumentere tilsvarande bakgrunn.

Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp

Emnet erstattar og har fullt overlapp med MUV222 Tidleg musikk, ensemble I.

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUV222 Tidleg musikk, ensemble I.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studiet omfattar eiga øving, lesing av relevant litteratur, deltaking i førelesingar og fellestimar, ensembleprosjekt.

Førelesingane gjev ein introduksjon til interpretasjonshistorikk og stilforståing. Herunder ligg meir stilspesifikke emne som diminusjonspraksis, ornamentikk, generalbassakkompagnement, temperering, improvisasjon, skuleretningar etc.

I fellestimane vert det arbeidd med praktiske øvingar, innstudering og framføringar.

Ensembleundervisning/prosjektprøver vert arrangert etter avtale.

Det vert lagt stor vekt på utveksling og vidareføring av kunnskap og erfaring mellom studentane i faget, gjennom studentførelesingar og prøver. Det er forventa at studentane arbeider sjølvstendig gjennom eiga øving. Innøvd og framført ensemblerepertoar: om lag 30 minutt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i obligatorisk undervisningsaktivitet for vårsemesteret 2021.

Krav om frammøte som obligatorisk arbeidskrav fråfell. Det er likevel forventa at studentane stiller til undervisning, fysisk eller digitalt.

Dersom studenten ikkje kan delta i undervisning kan arbeidskrava erstattes med heimeoppgåver.

--

Under normale høve gjeld desse krava:

- fellestimar

- ensembleprøver

- konsertar

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering av:

mappevurdering av tre konsertframføringar eller lydopptak gjennomført i løpet av studieåret. Om det vert gjennomført fleire konsertar/lydopptak, må studenten oppgje kva for slike som høyrer med i mappevurderinga.

konsertframføringane/lydopptaka som inngår i vurderingsgrunnlaget vert vekta likt.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Emnet er eit praktisk emne, det vert normalt ikkje nytta pensumlitteratur.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet - Institutt for musikk