Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Liturgisk orgelspel

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV272
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Mål og innhald

Emnet skal førebu studentane på å gjere teneste som kantor/organist i Den norske kyrkja. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg ferdigheiter og kunnskapar i gudstenestleg orgelspel med sikte på å leie kyrkjelydssongen og gjere gudstenesta kunstnarleg rikare.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kan på eiga hand finne og velje eigna musikk

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan førebu og gjennomføre liturgiske tenester som kantor/organist

* kan innstudere musikken på avgrensa tid

* kan utnytte dei klanglege ressursane i orgelet

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan orientere seg og medverke i eit komplekst handlingsforløp

* kan meistre uventa situasjonar i ei gudsteneste

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon med orgel som hovudinstrument. Søkjarar med anna hovudinstrument (til dømes piano eller song) kan godkjennast dersom tilstrekkeleg ferdigheit i orgelspel kan dokumenterast ved opptaksprøve.

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter delvis MUV2074 Liturgisk teori og praksis.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det viktigaste undervisningsmaterialet er gudstenesteordningane til Den norske kyrkja, gjeldande salme- og koralbøker, liturgisk musikk, forspelsamlingar og musikk til kyrkjelege handlingar.

Det vert arbeidd med:

- teknikk, rytme, frasering osv. i koralspel, inkludert spel med framheva melodi i sopran og tenor

- dei liturgiske ledda og deira funksjonelle samanheng

- val, utarbeiding og framføring av koralforspel og følgjesatsar

- spel ved ulike gudstenestetypar og kyrkjelege handlingar

- val av høveleg musikk til liturgisk bruk

- liturgisk resitativ og bibelske salmar

- transponering av koralar og dei faste liturgiske songane

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta i gruppeundervisning og øvingsgudstenester.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Praktisk prøve i liturgisk orgelspel som skal gjennomførast som ei fullstendig høgmesse. Koralspelet skal varierast, og minst éin koral skal utførast med framheva melodi. Oppgåva blir utlevert tre dagar før eksamen (eventuelle sundagar/heilagdagar kjem i tillegg til vanleg førebuingstid). Instituttet skaffar liturg. Alternativ liturg må godkjennast på førehand. Kandidaten skaffar sjølv forsongarar, men kan ikkje nytte registrant.

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere faglærar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter delvis MUV2074 Liturgisk teori og praksis.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no