Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Korleiing

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV273
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Emnet MUV273 Korleiing har et omfang på 10 studiepoeng og er normert til to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje grunnleggjande direksjons- og vokalteknikk, og å utvikle evne til å formidle uttrykk og interpretasjon andsynes ensemblet.

Innhald:

I emnet vert det arbeidd med praktisk kordireksjon, foran ensemble og meir teknisk orientert utan ensemble.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har metodar for å innstudere repertoar med eit ikkje-skolert vokalensemble/kor.

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan dirigera med bruk av taktfigurar.

* kan formidle tempo, karakter og dynamikk til eit vokalensemble.

Generell kompetanse

Studenten ..

* kjenner til sakral og profan musikk for kor.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande. Emnet har avgrensa kapasitet. Når det er fleire studentar som ønskjer emnet enn det er kapasitet til, gjeld eigne rangeringsreglar. Sjå den generelle delen av studieplanen for studieprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane får øving i grunnleggjande direksjonsteknikk, innstuderingsmetodikk og interpretasjon.

Studentane i emnet utgjer øvingskor. Akkompagnementspel skal normalt utførast av dei studentane som har tasteinstrument som hovudinstrument.

Det vert arbeidd med korleiing, direksjonsteknikk og repertoar jamleg, i fellestimar og i mindre grupper. Studentane tek aktivt del i konsertar og prosjekt (til dømes innspelingar) knytt til undervisninga.

Eigeninnsats omfattar førebuing av eige direksjonsrepertoar, innøving og prøveverksemd utan rettleiar.

Fellesprosjekt med andre emneeiningar kan skje når tilhøva ligg til rette for det.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- konsertframføringar

- fellestimar

 All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen skal gjennomførast som ein konsert, der studenten leier innstuderinga og framføringa av eit repertoar på 15 minutt, a cappella eller med instrumentalfølgje.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50