Arrangering/Instrumentasjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane ferdigheiter og kunnskaper i arrangering og instrumentasjon med fokus på

  • ulike vokale og instrumentale ensemble
  • korps, storband og symfonisk besetning
  • transkripsjon og transponering
  • partiturlesing og satsreduksjon
  • grundig instrumentkunnskap
  • digitale noteskrivingsprogram

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner prinsippa for arrangering for eit utval vokale og instrumentale ensemble

* kan dei naudsynte teknikkane og omsyna ved transkribering mellom instrumenttypar

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan utforma eit pianoutdrag frå eit orkesterpartitur

* er i stand til sjølv å byggje opp eit større partitur

* meistrar eit digitalt noteskrivingsprogram

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande. Emnet har avgrensa kapasitet. Når det er fleire studentar som ønskjer emnet enn det er kapasitet til, gjeld eigne rangeringsreglar. Sjå den generelle delen av studieplanen for studieprogrammet.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV2076 Arrangering/Instrumentasjon.

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstattar og har fullt overlapp med MUV2076 Arrangering/Instrumentasjon.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert arbeidd med:

- arrangering i teori og praksis (standardbesetningar og ukurante besetningar)

- instrumenteringsprinsipp i korps, storband og og symfoniorkester

- instrumentkunnskap

- noteskriving

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Gruppetimar med førelesing og presentasjon/korrigering av løpande øvingsoppgåver

- Individuell rettleiing i arbeidet med mappeoppgåvene

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen vert gjennomført som mappevurdering av seks innleverte arbeid:

1. Ein song/ei vise arrangert for vokal og lite instrumentalensemble

2. Ein song arrangert for blanda kor med eller utan instrument

3. Eit arrangement for strykekvartett eller blåsekvintett

4. Eit pianoutdrag av ein kort orkestersats

5. Eit sjølvvald arrangement

6. Eit arrangement av ein sats for brassband, janitsjarkorps, storband eller symfoniorkester.

Innhaldet i mappa vert vekta slik at oppgåve 1-5 til saman tel like mykje som oppgåve nr. 6.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet - Institutt for musikk