Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kontrapunkt/Generalbass

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV277
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 10 studiepoeng og er normert til eitt semesters fulltidsstudium.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

 Haust og vår. Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle ferdigheiter og kunnskapar innanfor klassisk kontrapunkt og generalbass.

Innhald:

Studiet tek opp kontrapunkt i barokk stil og renessansestil, og generalbass som teori og praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten ..

* kan nytte generalbass til å utvikle harmonisering og musikalsk variasjon

* kjenner teknikkar for å lage og spele ulike kontrapunktiske satstypar

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan realisere continuostemmer notert med generalbassbesifring

* kan skrive musikk basert på kontrapunktisk teori

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Det er anbefalt å ha grunnleggjande ferdigheiter i spel på tasteinstrument.

Studiepoengsreduksjon

 Emnet erstatter MUV2077 Kontrapunkt/Generalbass.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert arbeidd med:

- kontrapunktisk teori, analyse og øvingar

- variasjonsteknikk

- harmonisering av kyrkjetonale melodiar

- realisering av continuostemmer og generalbasskoraler på papir og ved instrument

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- gruppetimar med presentasjon og korrigering av oppgåver

- gruppeundervising i generalbasspell

- individuell rettleiing i skriving av kontrapunktiske satsar frå to til fire stemmar 

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering av fem innleverte arbeid:

- ein tostemmig kontrapunktisk sats

- ein trestemmig kontrapunktisk sats

- ei kyrkjetonal harmonisering

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV2077 Kontrapunkt/Generalbass.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det vert nytta lærebøker innan kontrapunktundervisninga, i generalbassdelen vert det nytta praktiske øvingar og døme. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50