Nyare komposisjonsteknikkar, for utøvarar
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeMUV281
- Talet på semester2
- SpråkNorsk og/eller engelsk
- Ressursar
Studiepoeng, omfang
10 stp
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Undervisninga starter i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje utøvarar ei innføring i aktuelle komposisjonsteknikkar og metodar innanfor ein samtidsmusikalsk tradisjon.
Innhald:
Studiet tek opp komposisjonsteknikkar og -metodar frå kunstmusikkfeltet i det 20. og 21. hundreåret, og legg desse til grunn for kreativ utnytting i studentens eige arbeid
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* er kjend med eit utval av aktuelle teknikkar og arbeidsformer
Ferdigheiter
Studenten ..
* er i stand til å bruke desse som metodar for å skape eigne musikalske former og løysingar
Krav til forkunnskapar
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon, eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Emnet omfattar:
- gjennomgang av eit utval sentrale teknikkar og arbeidsformer typiske for ein stilperiode, tidsperiode eller personalstil
- etydar og workshops som på sjølvstendig grunnlag utforskar og vidarefører desse teknikkane i eiga komponering
- Innstudering og framføring av desse komposisjonane
- Seminar og diskusjonar rundt gjennomførte løysingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Førelesningar, seminar, gruppe- og prosjektarbeid
- Dokumentert aktiv medverking i innstudering og framføring av studentarbeid, som musikar, ensembleleiar eller liknande
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal innehalde:
- Minimum tre verk/komposisjonar på til saman minimum 10 minuttar. Verka skal følgjast av partitur/anna høveleg notasjon/arbeidsframstilling av komposisjonen, til bruk for innstudering og framføring.
- Lydfesting av framføring av dei innleverte komposisjonane
- Ein kort skriftleg refleksjon/utgreiing for kvart verk
Mappedelane vert vekta likt.
Intern sensur med minst to sensorar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet - Institutt for musikk
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappevurdering