Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikkhistorie fordjupning

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMUV282
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studenten auka musikkhistorisk og musikkhistoriografisk innsikt og stimulere til kritisk refleksjon kring musikkhistoriefaget. Emnet skal gi studenten høve til å fordjupe seg i eit sjølvvalt musikkhistorisk tema.

Innhald:

Førelesingar gir innføringar i utvalde musikkhistoriske tema, historiografiske problemstillingar, kjeldesøk og arbeid med kjelder.

Lytteseminar skal stimulere til kritisk lytting og vurdering av ulike parametre ved musikalske framføringar og deira forhold til ulike forståingar av musikkhistoria.

Arbeid med sjølvvalt tema skal gi studenten evne til å tileigne seg og kritisk vurdere nyansert kunnskap om eit musikkhistorisk tema.

Gjennom skriftlege og munnlege presentasjonar skal studenten utvikle evna til å kommunisere tileigna kunnskap.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kan gi ei nyansert skriftleg og munnleg innføring i eit musikkhistorisk tema

* kan gjere greie for sentrale musikkhistoriografiske problemstillingar og relatere desse til sjølvvalt fordjupingsemne

Ferdigheiter

Studenten ..

* meistrar grunnleggjande referanseteknikkar

Generell kompetanse

Studenten ..

* viser god evne til kjeldesøk

* bruker kjelder på ein medviten måte.

Krav til forkunnskapar

Greidd MUG117 Musikkhistorie Klassisk, eller tilsvarande. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Greidd MUF101 Musikk, kultur og samfunn eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga består av førelesningar, lytteseminar, kommentering av oppgåver og individuell rettleiing på sjølvvalt tema.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal

  • delta på førelesningar. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.
  • sette saman eit individuelt lyttepensum og skriftleg pensum. Pensumlista skal leverast til godkjenning i løpet av første semester.
  • gi ein munnleg presentasjon av eit sjølvvalt eller oppgitt tema.
  • levere to utkast til semesteroppgåva.
  • rettleiing

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve: Ei oppgåve av omfang 3000-4000 ord. Tema kan vere avgrensa historisk og/eller geografisk, knytt opp mot ein eller fleire bestemte personar, institusjonar eller stilistiske retningar innan komposisjon, utøving eller kritikk/resepsjon.

Karakterskala

Bokstavkarakter frå A til F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Felles lesepensum er på ca 250 sider, i tillegg skal studenten sette saman eit individuelt pensum på ca 450 sider. Felles lyttepensum på omtrent 6 verk. Studentane skal i tillegg sette saman eit individuelt lyttepensum på omtrent 12 verk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon