Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovudinstrument jazz 3

  • Studiepoeng25
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMUV292
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å førebu studenten på eit yrkesliv som improviserande musikar ved å utvikle:

- gehørspel/improvisasjon

- stilistisk differensiert interpretasjonsevne

- teknisk og musikalsk ferdigheit

- eit breitt repertoar

- personleg uttrykk og formidlingsevne

Innhald:

Emnet er sett saman av følgjande delemne:

- eigenferdigheit

- innstuderings- og øvingsteknikk

- instrumentkjennskap/stemmefysiologi

- interpretasjons- og repertoarkunnskap

- ensemblespel

Eigenferdigheit tek m.a. opp improvisasjonskunnskap, spele-/vokalteknikkar, skalaer og etydar og primavistaspel/-song.

Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastingskadar.

Interpretasjons- og repertoarkunnskap tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til jazz som musikalsk uttrykk.

Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

* viser god musikalsk stilforståing knyta til sentralt repertoar fra jazzsjangeren og har inngåande kjennskap til sitt eige instruments bruk innanfor dette repertoaret.

* har meget gode kunnskaper omkring sitt eige instruments konstruksjon og virkemåte.

* har inngåande kunnskapar omkring eigne tekniske og musikalske styrkar og svakheiter.

Ferdigheiter

Studenten

* har gode improvisatoriske ferdigheiter i forhold til sitt eige instrument og i forhold til sjangerens mest sentrale komposisjonar og formtypar.

* har komme langt i utviklingen av ein sunn og god instrumental/vokal teknikk.

* har utvikla meget gode ferdigheiter i samspelsituasjoner der ein blir utsett for ulike ensembletyper, ulikt repertoar og ulik bruk av instrumentet.

Generell kompetanse

Studenten

* viser kunstnerisk uttrykksevne og kreativitet i møte med sitt eige instrument innanfor jazzsjangeren.

* har inngående kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing og veit kva som er gode arbeidsstillingar i øvings- og konsertsituasjonar.

* innehar meget gode instrumentale/vokale ferdigheiter som gjer ein istand til å realisera sine musikalske intensjonar i møte med ulikt repertoar i ulike formidlingssituasjonar.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i emnet MUG143 Hovudinstrument jazz 2 og MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstattar og har fullt overlapp med MUV232 Hovudinstrument jazz 3.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan og sjå til at krava i studieplanen vert følgt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på følgjande undervisning:

  • individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar/-ar
  • fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
  • ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)
  • prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
  • meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)

- minimum tre framføringar av solistisk og kollektiv karakter på interne og/eller offentlege konsertar, til saman min. 90 minutt.

Repertoarkrav:

- minst 60 minutt repertoar/15 komposisjonar av ulik karakter.

Repertoaret skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15. oktober).

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Prosjektveker krev 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Det vert halde eksamen etter andre semester. Eksamen omfattar ei konsertframføring med min. seks komposisjonar frå eige repertoar, til saman på 40-45 minutt.

Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Emnet erstattar og har fullt overlapp med MUV232 Hovudinstrument jazz 3.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon