Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovuddisiplin komposisjon 4

  • Studiepoeng25
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV295
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å:

Arbeide med kreative og kompositoriske prosessar, som så skal setjast inn i eit større fagleg perspektiv.

Kombinere skapande og analytisk arbeid for å opp vurderingsevna og forståinga for tekniske og estetiske aspekt, både i eigne komposisjonar og innanfor musikalsk praksis generelt.

Vidareutvikle ferdigheita i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet og som kunstnarleg uttrykk i seg sjølv.2

Handsame moderne kunstmusikalsk komposisjon, med stor vekt på eiga kunstnarleg utvikling, som emnet MUV294 Komposisjon 3. Emnet gjev dermed rom for større grad av fordjuping og konsentrasjon omkring avgrensa tema.

Kvalifisere for vidare studiar innanfor komposisjon eller musikkteori/vitskap, eller det kan bli komplettert med ei pedagogisk påbygging.

Gje eit fagleg fundament for framtidig arbeid innanfor musikkfeltet som t.d. komponist eller pedagog, innan formidling, musikkadministrasjon osb.

Innhald:

Studiet tar opp tema som:

¿ Komposisjon som kreativ prosess.

¿ Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon.

¿ Verkanalysar og repertoarforståing.

¿ Estetiske problemstillingar.

¿ Rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

- har god innsikt i ulike stilartar og musikktradisjonar

- har inngåande kjennskap til eit generelt repertoar

- kan identifisere, kartlegge og drøfte eit samla repertoar og sentrale verk og stilar

- har ei velutvikla stilkjensle

Ferdigheiter

Studenten ..

- kan løyse tekniske og musikalske utfordringar og problemstillingar.

- kan formidle og artikulere eigne kunstneriske intensjonar verbalt og praktisk.

- kan nytta avansert digital programvare innan lyd og notasjon.

Generell kompetanse

Studenten ..

- kan arbeide med andre i førebuing av sine eigne komposisjonar, både i formidling av eigne intensjonar og i å motta respons fra t.d. utøvarar

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i emnet MUV294 Hovuddisiplin komposisjon 3 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Søkjaren bør ha ei god oversikt over tradisjonelt og nyare musikkrepertoar, og dessutan vere orientert i sentrale omgrep og problemstillingar frå musikkteori/estetikk og musikkskaping.

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstattar MUV235 Hovuddisiplin komposisjon 4

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet vert normalt studert i semester 7-8 innanfor ei fireårig komposisjonsutdanning. MUV295 Hovuddisiplin Komposisjon 4 er det fjerde hovudemnet i den fireårige komposisjonsutdanningen, og vert studert i samanheng med det føregåande emnet MUV294 Hovuddisiplin Komposisjon 3. Opplegget og innhaldet i dette emnet er sterkt knytta til MUV294 Hovuddisiplin komposisjon 3. Den individuelle progresjonsplanen for dette emnet vil derfor sjå begge emna under eitt.

Søkjaren bør ha ei god oversikt over tradisjonelt og nyare musikkrepertoar, og dessutan vere orientert i sentrale omgrep og problemstillingar frå musikkteori/estetikk og musikkskaping.

Studenten skal arbeide arbeidar med definerte oppgåver og eigne verk:

¿ Det sjølvstendige arbeidet til studenten står sentralt.

¿ Gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg.

¿ Gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.

¿ I prosjekt.

Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å lage ein individuell arbeidsplan i samsvar med studieplanen.

Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått:

¿ I rettleiing og/eller i seminarform.

¿ Gjennom sjølvstendig lytting og/eller partiturlesing.

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. I samråd med faglærar leggjast det opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

¿ Det vert forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar på og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat vert spelt inn.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

¿ Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar av minimum tre komposisjonar som dannar grunnlag for mappevurdering.

¿ Seminar for mindre gruppeeiningar (til dømes studentar på same studietrinn eller på same fordjupingsemne).

¿ Fellesforum.

¿ Meisterklassar, seminar, ekskursjon o.l. (jf. eigen semesterplan).

¿ Prosjektveker, oppgåver i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet.

¿ Studenten skal minst ein gong i løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå seminar. Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

¿ Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike interne eller eksterne konsertframføringar minimum to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.-

Vurderingsformer

Eksamen vert gjennomført som mappevurdering som inkluderer eksamenskonsert, normalt i vårsemesteret. Mappa skal omfatte minimum 3 - tre ulike komposisjonar og øvingar for ulike besetningar, med minimum samla speletid på 20 minutt, avhengig av verkkompleksitet og stil, skrive under studiet, med rettleiing. Partitur skal normalt vere framført før eksamen, og vere dokumentert av medfølgjande lydfestingar. Elektroakustisk musikk skal dokumenterast som lydfesting, saman med høveleg dokumentasjon av produksjonsfasen (datautskrifter, programkode, datafiler, video osb.). I særskilde høve kan studenten få dispensasjon frå kravet om lydfesting. Minimum eitt av dei innleverte verka skal ordinært framførast i konsert i forbindelse med eksamen, med sensorane til stades. Verk som vert urframført ved eksamen, er unntatt lydfestingskravet.

Ein tekst på minimum 800 ord med refleksjon over eige virke og eigne verk.

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Innhaldet i mappa vert vekta likt og får ein samla karakter. Utover sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med eksamenskommisjonen få ei grundigare tilbakemelding omkring dei framlagde komposisjonane.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Emnet erstattar MUV235 Hovuddisiplin komposisjon 4

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50