Hjem
Utdanning
Masteremne

Prosjektarbeid I, innføring i arbeidsmetodar

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV301
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å støtte opp om det utøvande/skapande arbeidet ved å bidra til å auke medvitet om og å kunne reflektere over musikalske problemstillingar.

Innhald:

Avhengig av samansetjinga av den aktuelle studentgruppa, vil emnet ta opp spørsmål innan felt som til dømes interpretasjon, oppføringspraksis, stilforståing, verkforståing/analyse, improvisasjonsmetoder, estetikk, instrumentalteknikk, muntlige tradisjoner, samarbeid komponist/utøver, studie av historiske innspillinger, eksperimentell utforsking, «cross-over»-prosjekt og psykologiske eller samfunns-relaterte spørsmål knyttet til musikalsk utøving og komposisjon.

Det vil bli lagt vekt på å kunne øve opp ferdigheit i kritisk refleksjon, og i å uttrykke seg skriftlig og/eller munnleg om relevante problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten..

- Kjenner til ulike kunstnariske posisjonar/diskursar innan utøving eller komposisjon

Ferdigheiter

Studenten..

- Har noko røynsle med å relevant kjeldemateriale (litteratur, partitur, innspelingar m.m.) i det utøvande eller skapande arbeidet

- Kan drøfte kunstnarlege val

Generell kompetanse

Studenten..

- har medvit om og kan drøfte eigne kunstnariske val

- kan uttrykkje og formidle relevante musikalske problemstillingar/spørsmålsstillingar knytt til utøving eller komposisjon

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Me føreset at studenten er teken opp til mastergradsprogrammet i utøving eller komposisjon.

Krav til studierett

Opptak til Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av felles samlingar og individuell rettleiing gjennom heile semesteret. Samlingane vil kunne vere i form av førelesingar, diskusjonsfora, forberedte studentpresentasjonar, meisterklassar, oppgåveseminar eller spesielle utøvande/skapande fellesprosjekt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

- Godkjenning av tema for semesteroppgåve/føredrag.

- Rettleiing på semesteroppgåve/føredrag.

Vurderingsformer

Anten:

Føredrag der ein kan bruke lydopptak, video eller eiga framføring som demonstrasjon eller dokumentasjon saman med skriftleg eller munnleg framlegging. Omfangsmål for arbeidet er om lag 30 minutt presentasjon.

Eller:

Digitalt presentert semesteroppgåve der ein kan bruke lydopptak, video eller eiga framføring som demonstrasjon eller dokumentasjon saman med skriftleg eller munnleg framlegging. Omfangsmål for arbeidet er om lag 30 minutt presentasjon.

Arbeidet skal utformast som eit tema innan utøving/komposisjon og kan til dømes være eit innleiande forprosjekt til MUV302/ MUV351.

Tema og presentasjonsform må godkjennast på førehand av rettleiar.

Intern sensur med minst to interne sensorar, der den eine normalt er studenten sin rettleiar.

Karakterskala

Bestått eller ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust/vår.

Litteraturliste

Det vil bli utarbeidd eit utval av referansekjelder (kapittel frå bøker, artiklar, innspelingar m.m) for kvart semester.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studeirettleiar kan kontaktast her: studieveileder@kmd.uib.no

tlf. 55 58 69 50

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    06.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    22.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Foredrag

    Dato
    06.12.2019