Hjem
Utdanning
Masteremne

Prosjektarbeid II

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMUV302
  • Talet på semester1
  • Språk

    Det vil bli brukt både norsk og engelsk i undervisninga.

    Individuell rettleiing vil bli gitt på norsk eller engelsk etter behov.

    Undervisning i seminarform/gruppe vil, avhengig av den språklege samansetninga av studentgruppa, gå føre seg på norsk eller engelsk.

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å støtte opp om det utøvande/skapande arbeidet ved å bidra til å auke medvite om og å kunne reflektere over musikalske problemstillingar.

Innhald:

Avhengig av samansetjinga av den aktuelle studentgruppa, vil emnet ta opp spørsmål innan felt som til dømes interpretasjon, oppføringspraksis, stilforståing, verkforståing/analyse, improvisasjonsmetoder, estetikk, instrumentalteknikk, muntlige tradisjoner, samarbeid komponist/utøver, studie av historiske innspillinger, eksperimentell utforsking, «cross-over»-prosjekt og psykologiske eller samfunns-relaterte spørsmål knyttet til musikalsk utøving og komposisjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal:

* Kan identifisere og kjenne igjen kunstnarlege posisjonar/diskursar i eige prosjektarbeid

Ferdigheiter

Studenten skal:

* evne å søkje og kritisk handsame relevant kjeldemateriale (litteratur, partitur, innspelingar m.m.) i det utøvande eller skapande arbeidet

* kan gjennomføre eit meir profilert og sjølvstendig prosjektarbeid

Generell kompetanse

Studenten skal:

* ha bevisstheit medvit om og kunne argumentera for eigne kunstnariske val

* kan uttrykkje og formidle relevante musikalske problemstillingar/spørsmålsstillingar knytt til utøving eller komposisjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Opptak til Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Arbeids- og undervisningsformer

- All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

- Godkjenning av tema for semesteroppgåve/føredrag.

- Rettleiing på semesteroppgåve/føredrag.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Godkjenning av tema for semesteroppgåve/føredrag.
  • Rettleiing på semesteroppgåve/føredrag.

Vurderingsformer

Anten:

Føredrag der ein kan bruke lydopptak, video eller eiga framføring som demonstrasjon eller dokumentasjon saman med skriftleg eller munnleg framlegging. Omfangsmål for arbeidet er om lag 30 minutt presentasjon.

Eller:

Digitalt presentert semesteroppgåve der ein kan bruke lydopptak, video eller eiga framføring som demonstrasjon eller dokumentasjon saman med skriftleg eller munnleg framlegging. Omfangsmål for arbeidet er om lag 30 minutt presentasjon.

Arbeidet skal utformast som eit tema innan utøving/komposisjon og kan til dømes være eit innleiande forprosjekt til MUV351.

Tema og presentasjonsform må godkjennast på førehand av rettleiar.

Intern sensur med minst to interne sensorar, der den eine normalt er studenten sin rettleiar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Det vil bli utarbeid eit utval av referansekjelder (kapittel frå bøkar, artiklar, innspelingar m.m) for kvart semester

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktes her: studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    06.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    22.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve (Ny eksamen)

    Innleveringsfrist
    28.08.2019, 13:00
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Foredrag

    Dato
    06.12.2019
    Trekkfrist
    22.11.2019
  • Vurderingsordning: Foredrag (Ny eksamen)