Hjem
Studentsider
Masteremne

Konsertframføring II

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMUV311
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emne har som mål å vidareutvikle studentens utøvande erfaring og kompetanse og består av to delar:

1. Studenten skal arbeide fram mot ein eigen konsert.

2. Studenten deltek i instrumentale fellestimar, ensembleaktivitetar og prosjekt.Planar for dette vil føreligge ved semesterstart.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

* realisere og formidle sine musikalske intensjonar på eit høgt instrumentalt/vokalt nivå

Ferdigheiter

Studenten:

* evnar å arbeide interaktivt i ei instrumental- eller vokal gruppe, og utøve samspel på eit høgt nivå

* viser sjølvstende i arbeid med innstudering av eit repertoar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Opptak til Masterprogram i utøvende musikk eller komposisjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Studenten får individuell rettleiing av rettleiar i hovudinstrument (og eventuell akkompagnatør) gjennom heile semesteret. Undervisninga i gruppe blir eventuelt gitt av andre instrumental/vokal-undervisarar eller leiarar (dirigentar) av ensemble/orkester.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i obligatorisk undervisningsaktivitet for vårsemesteret 2021.

Krav om frammøte som obligatorisk arbeidskrav fråfell. Det er likevel forventa at studentane stiller til undervisning, fysisk eller digitalt.

Dersom studenten ikkje kan delta i undervisning kan arbeidskrava erstattes med heimeoppgåver.

--

Under normale høve gjeld desse krava:

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

- Rettleiing i utøving/komposisjon

- Fellesundervisning (ensemble, fellestimar m.m.)

- Delta i prosjektveker (jf. eigen semesterplan)

Studenten må på eige skjema søkje om avvikling av MUV310/MUV311 seinast 5 veker før konserten. Konsertstad, konsertdato og repertoar skal godkjennast av rettleiar i hovudinstrument. Lydfesta opptak frå konsert (for eksempel i eit anna land) kan i særleg høve gjelde som vurderingsgrunnlag. Dette må godkjennast av rettleiar i hovudinstrument og programkoordinator.

Vurderingsformer

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsform for vårsemesteret 2021.

Det planleggast for gjennomføring av konsert med gjeldande avgrensingar i antall medverkande og publikum. Ved Covid-19 relaterte årsaker (f.eks. fråfall frå sensor) kan opptak (audio og video) brukes som grunnlag for vurdering.

--

Under normale høve gjeld desse vurderingsformene:

Ein konsert på minst 35 minutt vert halden i løpet av semesteret. Studenten skal ikkje tidlegare ha brukt repertoaret på eksamen.

Konserten vert vurdert av minst to interne sensorar, der den eine normalt er rettleiar i hovudinstrumentet.

Lydfesta opptak frå konsert (for eksempel i eit anna land) kan i særleg høve gjelde som vurderingsgrunnlag. Dette må godkjennast av rettleiar i hovudinstrument og programkoordinator.

Dersom tilhøva ligg til rette for det, kan MUV310 eller MUV311 gjennomførast i eit orkester eller ensemble på høgt profesjonelt nivå. Dette må avtalast med rettleiar i hovudinstrument og programkoordinator. Dei eigne konsertane i MUV310 og MUV311 kan alternativt slåast saman til ein konsert på minst 70 minutt (2 x 35 minutt) i vårsemesteret (normalt 2. semester).

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Repertoaret kan innehalde både soloverk og ensemblespill.

Emneevaluering

Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen og studenten.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Konsert

    Trekkfrist
    15.04.2021
    Andre opplysninger
    Konserter planlegges individuelt og meldes inn via skjema, mer informasjon på Mitt UiB