Hjem
Utdanning
Masteremne

Spesialemne I for komponistar

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMUV315
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og/eller engelsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

UiB, Bergen

Mål og innhald

Gjennom emnet skal studenten utvikle eit sjølvstendig kunstnarisk uttrykk på høgt nivå, og få utvikle spesialiseringa si gjennom høveleg teoretisk og praktisk arbeid.

Studenten skal produsere eit større verk og minimum to kortare verk eller satsar for framføring, anten med krefter frå instituttet eller med musikarar utanfrå. Lengd og kompleksitet vert avtalt med faglærar. I samband med arbeidet skal studenten setje seg inn i aktuelle problemstillingar, relevante verk og teknikkar. Når det er mogleg, skal studenten delta aktivt i innstuderinga.

Studenten skal gi ein munnleg presentasjon av dette arbeidet, til dømes i seminarform. Presentasjonen kan dreie seg om eige verk og produksjonsprosess, det kan vera ei utgreiing om relevant bakgrunnslitteratur og verkstudiar, teknikkar som er brukte, og så vidare.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

* kritisk belyse sine eigne kunstnarlege val og løysingar i høve til sentrale stilartar og aktuelle tradisjonar

Ferdigheiter

Studenten :

* viser sjølvstende og klare målsettingar i arbeidet med eigne komposisjonar

* realiserer og formidler sine musikalske intensjonar på eit høgt kompositiorisk nivå

Generell kompetanse

Studenten

* framviser gjennom arbeidet ei sterk kunstnarisk uttrykksevne og utvikling av eit personleg tonespråk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Opptak til Masterprogram i utøvende musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten får individuell rettleiing av rettleiar i hovuddisiplin.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Munnleg presentasjon på omlag 30 minutt. Presentasjonen bør kontekstualisere de kompositoriske verk skrevet første år, inkludert tilhøyrande analytiske, estetiske og filosofiske spørsmål.

Intern sensur med minst to sensorer, hvor en normalt er studentens veileder.

Karakterskala

bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen og studenten.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Foredrag

    Dato
    09.12.2019, 09:00