Hjem
Utdanning
Masteremne

Masterprosjekt

  • Studiepoeng20
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV351
  • Talet på semester2
  • Språk

    Det vil bli brukt både norsk og engelsk i undervisninga.

    Individuell rettleiing vil bli gitt på norsk eller engelsk etter behov.

    Undervisning i seminarform/gruppe vil, avhengig av den språklege samansetninga av studentgruppa, gå føre seg på norsk eller engelsk.

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

20 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet starter i haustsemesteret, og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å formidle forståing for refleksjon i en kunstnarisk kontekst og styrkje evna til eit sjølvstendig prosjektarbeid.

Innhald:

Prosjektet skal ha samanheng med eiga utøving/skaping, og ha ei tydeleg avgrensing og tydeleg definert problemstilling/tematikk, som til dømes kan dreia seg om interpretasjon, innspelingsprosess, oppføringspraksis, stilforståing, verkforståing/analyse, improvisasjonsmetodar, estetikk, instrumentalteknikk, muntlige tradisjoner, samarbeid komponist/utøver, studie av historiske innspillinger, eksperimentell utforsking, «cross-over»-prosjekt og psykologiske eller samfunns-relaterte spørsmål knyttet til musikalsk utøving og komposisjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

* evner å søkje og kritisk behandle relevant kjeldemateriale (tekstar, partitur, innspelingar m.m.) i arbeid med eiga utøving/komponering

* kan bevisstgjere seg og argumentere for eigne kunstnariske vurderingar i arbeidet med eiga utøving/komponering

Ferdigheiter:

Studenten kan

* uttrykkje, diskutere og formidle relevante musikalske spørsmål innan si eiga musikalske praksis

Generell kompetanse:

Studenten

* evner å setje seg inn i og avgrense eit temaområde med relevans for eiga utøving/komponering

Krav til forkunnskapar

For utøvarar må emna MUV301, MUV302, MUV310 og MUV311 vere gjennomførde og greidde. For komponistar må emna MUV301, MUV302, MUV315 og MUV316 vera gjennomførde og greidde.

Krav til studierett

Opptak til Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er individuell rettleiing gjennom begge semestra og einskilde fellesseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Anten:

Føredrag der ein kan bruke lydopptak, video eller eiga framføring som demonstrasjon eller dokumentasjon saman med skriftleg eller munnleg framlegging. Omfangsmål for arbeidet er om lag 60 minutt presentasjon. Arbeidet skal dokumenterast i arkiverbart format, evt. Føredraget skal gjerast lyd- og bildeopptak av.

Eller:

Digitalt presentert semesteroppgåve der ein kan bruke lydopptak, video eller eiga framføring som demonstrasjon eller dokumentasjon saman med skriftleg eller munnleg framlegging. Omfangsmål for arbeidet er om lag 60 minutt presentasjon. Arbeidet skal dokumenterast i arkiverbart format, evt. Føredrag skal gjerast lyd- og bildeopptak av.

Presentasjonen/teksten skal normalt vere levert/gjennomført innan 15. mai i vårsemesteret (15. november i haustsemesteret).

Sensur: Minst to sensorar, der ein skal være ekstern.

Karakterskala

«bestått» / «ikkje bestått»

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Jamleg evaluering skjer i dialog mellom rettleiar i fordjupingsemne og studenten.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@kmd.uib.no

Tlf. 55 58 69 50