Hjem
Studentsider
Masteremne

Mastereksamen i utøving eller komposisjon

  • Studiepoeng40
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV352
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

40 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet startar i haustsemesteret, og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å føre studenten fram mot eit høgt musikalsk nivå, der originalitet og sjølvstende i kunstnariske val står sentralt.

Utøvarane skal arbeide med eit repertoar som skal presenterast som ein offentleg eksamenskonsert. Konserten skal avspegle studenten sin kunstnariske profil og fordjuping på masterstudiet. Studenten deltar også i einskilde fellesaktivitetar og ensemble.

Komponistane skal fortsetje arbeidet med komposisjonar og leggje fram tidlegare verk som er skrivne i løpet av studietida. I tilknyting til framlegg av verk skal det gjennomførast ein offentleg konsert som skal avspegle studenten sin kunstnariske profil og fordjuping på masterstudiet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten kan

* bruke kunnskap til å utvide sitt eige musikalske perspektiv og gjennomføre sjølvstendig kunstnarisk utviklingsarbeid.

Ferdigheiter:

Studenten kan

* realisere og formidle sine kunstnariske intensjonar med ein tydeleg personleg profil.

Generell kompetanse:

Studenten kan

* vise eit høgt instrumentalt/vokalt (utøvarar) eller kompositorisk (komponistar) nivå.

* vise sjølvstende i møte med krevjande kunstnariske utfordringar.

Krav til forkunnskapar

For utøvarar må emna MUV301, MUV302, MUV310, MUV311 vere gjennomførde og greidde.

For komponistar må emna MUV301, MUV302, MUV315, MUV316 vere gjennomførde og greidde.

Krav til studierett

Opptak til masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er individuell rettleiing, fellesundervisning og/eller meisterklasse gjennom begge semestra.

I samråd med rettleiar i hovuddisiplin og programkoordinator skal studenten delta i utvalde utøvande/skapande fellestimar, fellesseminar, ensembleaktivitetar (orkesterpraksis, sinfonietta, kammerorkester m.m.) og prosjekt i instituttets regi. Det vil vera utarbeidd ein plan for dette ved oppstart av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i obligatorisk undervisningsaktivitet for vårsemesteret 2021.

Krav om frammøte som obligatorisk arbeidskrav fråfell. Det er likevel forventa at studentane stiller til undervisning, fysisk eller digitalt.

Dersom studenten ikkje kan delta i undervisning kan arbeidskrava erstattes med heimeoppgåver.

--

Under normale høve gjeld desse krava:

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

  • Rettleiing i utøving/komposisjon
  • Fellesundervisning (ensemble, fellestimar m.m.)
  • Delta i prosjektveker (jf. eigen semesterplan)

Vurderingsformer

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsform for vårsemesteret 2021.

Det planleggast for gjennomføring av konsert med gjeldande avgrensingar i antall medverkande og publikum. Ved Covid-19 relaterte årsaker (f.eks. fråfall frå sensor) kan opptak (audio og video) brukes som grunnlag for vurdering.

--

Under normale høve gjeld desse vurderingsformene:

Vurderingsform for utøvarar er ein offentleg eksamenskonsert med lengd på minst 70 minutt. Repertoaret for konserten vert utarbeidd i samråd med rettleiar i hovudinstrument. Repertoaret kan innehalde eitt verk frå tidlegare eksamen. Konserten skal lydfestast for dokumentasjon.

Vurderingsform for komponistar er framlegging av komposisjonar frå studiet, til saman minst 45 minutts varigheit i form av partitur eller liknande med lydopptak, og presentasjon av utvalde verk i ein offentleg eksamenskonsert. Konserten skal lydfestast for dokumentasjon.

Sensur: Minst to sensorar, der ein skal være ekstern.

Karakterskala

«bestått» / «ikkje bestått»

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen og studenten (eventuelt også med akkompagnatør).

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@kmd.uib.no

Tlf. 55 58 69 50

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Konsert

    Trekkfrist
    15.04.2021
    Andre opplysninger
    Informasjon om eksamen blir publisert på Mitt UiB