Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i musikkvitskap

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gje ei innføring i musikkvitskap som universitetsfag. Det blir gitt ei innføring i fagets historie, forskingsmetoder, og vitskapleg litteratur i fagfeltet, samt relevante musikkvitenskaplege problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheitar, og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten ...

  • Har fått grunnleggjande innsikt i musikkvitskaplege tenkjemåtar
  • Har fått forståing for den historiske utviklinga av musikkvitskapen som ein vitskapleg disiplin.
  • Har fått forståing for dei ulike delfelta i musikkvitskapen, i tillegg til deira nåvernde forskingsagenda og forskingsmetodar.

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • Skilje mellom ulike former og sjangrar innan vitskapeleg litteratur i musikkvitskap.
  • Evaluere individuelle musikkvitskaplege tekstar og plassera dei innafor deira rette faglege kontekst.
  • Formulere vitskaplege forskingsspørsmål som er relevante innan musikkvitskapleg forsking.
  • Gjere eit litteratursøk på eit musikkvitskapleg tema og organisere resultata i form av ein bibliografi.

Generell kompetanse

Studenten kan ...

  • Setje seg inn i vitskaplege tekstar
  • Bruke kjelder på ein heiderleg måte med god akademisk sitatteknikk

Krav til studierett

Emnet er eit tilbod til studentar med studierett på bachelorprogram i musikkvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga skjer som førelesningar/seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på førelesingar og seminar.
  • All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Eksamen vert gjennomført som ei mappe med 2 ulike skriflige forskningsbaserte oppgåver (tilsaman 10-12 sider).

Oppgåvene vektas høvesvis 30% og 70%. Alle oppgåvene må være greidd. Intern sensur med minst to senssorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen: A- F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 500 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: To oppgaver

    Trekkfrist
    01.10.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Bibliografi

      Innleveringsfrist
      18.09.2020, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Hjemmeeksamen

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen