Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikkproduksjon

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMVK101
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 sp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet gir teoretisk kunnskap om og praktiske ferdigheiter i ulike sider av musikkproduksjon som konsertførebuing, lyd opptak, og aspekt ved musikklivet i Norge. Studentane i emnet skal samarbeide med kvarandre på ulike praktiske prosjekter som t.d. huskonsertar. Det blir også førelesningar/seminar med aktuelle gjesteføreleserar med erfaring frå musikklivet og -bransjen i Norge.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten ...

  • Har kunnskap om korleis musikalske hendingar arrangerast, frå konseptutvikling, finansiering og planlegging til gjennomføring av den endelege førestellinga
  • Har kunnskap om ulike aspektar av konsertførebuing som f.eks. timeplanlegging, reklame/pressemeldingar, rigging, lys og lyd

Ferdigheiter

Studenten ...

  • Har ferdigheiter i bruk av ulike typar teknisk utstyr som t.d. mikrofonar, mixers, og lydforsterkarar
  • Har ferdigheter i å arbeide i små prosjektgrupper for å planlegge og gjennomføre en konsert

 

Generell kompetanse

Studenten ...

  • Har generell kompetanse om musikkproduksjon i ulike samanhengar
  • Har generell kompetanse til å setje individuelle musikkproduksjonar inn i ein større kontekst innan musikklivet og -bransje.

Har generell kompetanse i refleksjon om eigen og andre sitt arbeid i musikkproduksjonsfeltet

Krav til forkunnskapar

Greidd førstesemesterstudier.

Krav til studierett

Emnet er et tilbod til studentar med studierett på bachelorprogram i musikkvitskap. Studentar med studierett på andre program ved Griegakademiet ¿ Institutt for musikk kan søkje om opptak til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning skjer som førelesningar/seminar, gruppeundervisning, og rettleia individuelle- og gruppeprosjekter.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på førelesingar og seminar.
  • Rettleidde prosjektarbeid.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Eksamen vert gjennomført som ei mappe med 4 ulike små og/eller store prosjekt som dekker områder som konsertproduksjon og -marknadsføring og konsertopptak.

Alle prosjekta vektas likt. Alle prosjekta må være greidd. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

«Bestått» / «Ikkje bestått»

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 300 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 1

    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 2

    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 3

    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 4