Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Å skriva om musikk

Studiepoeng, omfang

5 sp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane viktige teoretiske og praktiske reiskapar til seinare bruk, både i studier og i yrkesliv. Gjennom emnet får studenten ein oversikt over ulike skrivesjangrar innan musikk, til dømes journalistisk, populærvitskapleg og akademisk. Studentane vil få erfaring gjennom å lesa og skriva korte tekster i ulike sjangrar. Emnet byggjer på Ex. fac (Akademisk skriving), men tek opp problem som er spesifikke for å skriva om musikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • i fullført emne skal ha kunnskap om skilja mellom ulike sjangrar innanfor å skrive om musikk.

Ferdigheiter

Studenten..

  • skal ha ferdigheiter i å gjere greie for problem knyta spesifikt til å skriva om musikk og kunne ha ulike strategiar for å løysa desse problema relatert til forskjellege kontekstar.

Generell kompetanse

Studenten..

skal ha generell kompetanse i å skriva innanfor ulike sjangrar om musikk.

Krav til forkunnskapar

Greidd førstesemesterstudiet.

Krav til studierett

Emnet er et tilbod til studentar med studierett på bachelorprogram i musikkvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, oppgåveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Delta på førelesingar, og seminar for presentasjon og diskusjon av studentane sine skriftlige arbeide.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Mappevurdering: Studentane skriv 3 oppgåver på ca. 3-4 sider kvar i løpet av semesteret. Alle oppgåvene må vere godkjende i same semester.

Oppgåvene vektas likt. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

«Bestått» / «Ikkje bestått»

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 200 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    09.09.2019
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 1

      Innleveringsfrist
      23.09.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 2

      Innleveringsfrist
      25.10.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 3

      Innleveringsfrist
      25.11.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen