Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Griegstudier

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Dette kurset undersøker Griegs musikk og hans historiske og kulturelle betyding gjennom det 19. og 20. hundreåret og opp til vår tid. Med utgangspunkt i populære førestillingar om Grieg som nasjonalromantisk komponist og ikon for nordisk musikk, er målet for kurset å gjenoppdaga Griegs produksjon og resepsjon i ein vidare norsk og europeisk kulturhistorisk kontekst. Vi vil læra meir om kjeldene til Griegs musikalske tenking i lyset av musikalske modellar frå Schumann til Gade og Lizt, og hans møte med intellektuelle som Bjørnson og Ibsen. Vi vil også lytta kritisk til ulike utøvarar sine fortolkingar og undersøka responsen frå kritikarar og publikum.

Vidare vil vi fylgje Griegs reiser gjennom europeiske storbyar som ein utøvande komponist, læra meir om histora til nokre av han mest kjende og mindre kjende verk innan ulike sjangrar.

Eit viktig tema vil vera resepsjonhistoria til Grieg, og korleis den har vorte forma og omforma etter hans død av nye generasjonar komponistar, kritikarar, forskarar og musikarar.

Ved å fylgja den dramatiske historiske utviklinga gjennom det 20. hundreåret, vil vi læra meir om Griegs betyding i norsk musikkliv, kulturpolitikk, kulturdiplomati og merkevarebygging. Grieg ¿ som ein del av lokalt, nasjonalt og globalt musikk-kultur ¿ vert framheva av offentlege hendingar som kunstnerjubileer, og dessutan gjennom bruk av musikken hans innan jazz, pop og film.

Til slutt vil vi lære meir om den profesjonelle formidlinga av Griegs musikalske arv gjennom Grieg-museet Troldhaugen og Griegsenteret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • kan relatere seg kritisk til Griegs musikk ved hjelp av omgrep som stil, identitet, historie, erindring, landskap, tradisjon, autentisitet, autonomi etc.
  • kan forklara Griegs påverknad på norsk og internasjonalt musikkliv.
  • kan diskutera musikalske tradisjonar og nedarva musikalske omgrep frå eit kritisk samtidsperspektiv

 

 

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan samla, systematisera og fortolka ulikt musikals materiale og historiske kjelder med kritisk merksemd.
  • Kan bruka analytiske ferdigheiter og kunnskap i eigen fortolkande praksis.
  • Kan delta i utviklinga av nye (digitale, praktiske) metodar for spreing og formidling av musikk.

 

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan diskutera aktuelle musikkvitenskapelige problemstillinger med referanse til ulike teoretiske rammeverk og metodologiar.
  • kan reflektera over kulturelle og historiske premissar for eiga estetisk dømekraft.

Krav til forkunnskapar

Greidd førstesemesterstudier.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar; obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving; oppgåveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Frammøte på førelsingar og seminar.
  • Obligatorisk rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåve.
  • Obligatorisk seminar for presentasjon av semesteroppgåve. Studenten gjev ei munnleg presentasjon av det skriftlege arbeidet.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende før eksamen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

 

  • Semesteroppgåve på ca. 5000-6000 ord. Oppgåva vil anten vera ei «lesing» (analyse/fortolking) av spesifikke musikkverk, framføringar eller teateroppsetjingar, eller ein diskusjon av eit forskingsspørsmål der oppgåva er å plassera musikken innan ein spesifik kulturell, sosial eller historisk kontekst. Semesteroppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.

Litteraturliste

Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 1000 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon