Innføring i norsk folkemusikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjer ein introduksjon i vitskaplege studiar av norsk folkemusikk. Norsk folkemusikk vil setjast inn i historiske, sosiale, kulturelle, geografiske og musikkstilistiske kontekstar. I emnet vil studentane få innsyn i dei historiske kjeldetypane (til dømes lyd opptak, transkripsjonar, skriftlig dokumentasjon og anna arkivmateriale) og metodane som vert nytta i forskinga kring norsk folkemusikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten¿

  • skal ha grunnleggande kjennskap til ulike definisjonar av folkemusikkomgrepet.
  • skal ha grunnleggande kjennskap til sentrale sjangar, stiltrekk og geografisk basert variasjon.
  • skal ha kjennskap til korleis norsk folkemusikk vert institusjonalisert og profesjonaliser i vår tid.

Ferdigheiter

Studenten¿

  • kan nytte kjeldemateriale frå norsk folkemusikk i eigne analysar.

Generell kompetanse

Studenten¿

  • kan plassera norsk folkemusikk i historiske, sosiale, kulturelle, geografiske og musikkstilistiske kontekstar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar; obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving; oppgåveseminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Oppmøte på førelesingar.
  • Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving.
  • Delta på oppgåveseminar. Studentane skal munnleg presentera dei skriftlege arbeida.
  • All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

    Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

    • Mappevurdering: Studentane skriv to arbeid som til saman utgjer ca. 15 sider.

    Oppgåvene vektas likt. Alle arbeida må vere bestått i same semester. Intern sensur med minst to sensorar.

    Karakterskala
    Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.
    Litteraturliste

    Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 1000 sider.

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

    Emneevaluering
    Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssystem.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.