Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i musikkvitskap

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMVK250
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust eller vår

Mål og innhald

Emnet skal gi utvida musikkvitskapleg kunnskap. Arbeidet med bacheloroppgåva skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av musikkvitskaplege problemstillingar. Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftast ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei fortolkningsmessig analyse av en musikalsk tekst eller utval av musikalske tekster, eller ei empirisk analyse av kvalitative data samla ved feltarbeid. Emnet gir studentane evner til å framstille sitt eige arbeid både skriftleg og munnleg, samt kritisk kommentere andre sine tekster.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap
Studenten..

  • Har kunnskap til sjølv velje ei musikkvitskapleg problemstilling og finne eigna relevant litteratur.

Ferdigheiter
Studenten..

  • Har ferdigheter til å gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling.

Generell kompetanse
Studenten..

  • Har generell kompetanse i å anvende spesifikke teoretiske perspektiv og metodiske verktøy til en valt musikkvitskaplig problemstilling, og kan framstille arbeidet sitt både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha bestått 120 studiepoeng for å starte på bacheloroppgåva.

Krav til studierett

Studierett på Bachelorprogram i musikkvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane i samråd med faglærar vel kva tema som skal danne utgangspunkt for bacheloroppgåva.

Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving; oppgåveseminar samen med andre studentar som tar emne.

  • Problemstilling for bacheloroppgåva skal godkjennast.
  • Rettleiing: Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Minimum to rettleiingsmøter er obligatoriske. Studentane pliktar å halda dei fristane for innleveringar og rettleiing som vert sette av faglæraren.
  • Oppgåveseminar: Studentane skal munnleg presentera oppgåva og kommentera andre studentar sine oppgåver. Studentar som ikkje fylgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Oppmøte på førelesingar.
  • Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving.
  • Delta på oppgåveseminar. Studentane skal munnleg presentera dei skriftlege arbeida.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 5000 - 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar.
  • I tillegg er det ei justerande munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva.

Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve. Ekstern sensur.

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.

Litteraturliste

Pensum på om lag 1200 sider særskild knytt til oppgåva. Studentane vel sjølve litteratur i samråd med rettleiar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@kmd.uib.no">studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    08.11.2019
    • Eksamensdel: Rettleidd oppgåve

      Innleveringsfrist
      22.11.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

      Andre opplysninger
      Informasjon om muntlig eksamen vil bli publisert på Mitt UiB.