Perspektiv i nanovitskap og -teknologi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeNANO100
- Talet på semester1
- SpråkNorsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Hovudmålet for emnet er å få fram nanovitskapen og -teknologien sin eigenart gjennom eksempel henta frå aktuelle forskingsprosjekt ved og utanfor Universitetet i Bergen, eksempel på nanoteknologi i aktuelle produkt, og problemstillingar av etisk og samfunnsmessig karakter knytt til teknologi. Eit delmål er at studentane skal få innsikt i kva forsking er og korleis naturvitskapleg forsking og forskingsformidling føregår. Arbeidsforma består av ei førelesningsrekke om ulike aktuelle nanovitskaplege og -teknologiske tema med lokale og eksterne foredragshaldarar. Kvar førelesning vert førebudd i eit obligatorisk diskusjonskollokvium. Alle studentane deltar på orientering hjå nanovitskapleg-relevante forskingsgrupper for å bli kjent med nanovitskapleg problemstillingar og tilknytte arbeidsmetodar. I tillegg blir kvar student assosiert til ei forskingsgruppe i 1-2 dagar og deltar i arbeidet/eksperiment i gruppa. I denne samanhengen blir det definert eit individuelt skriftleg pensum som gir bakgrunn for metodar og problemstillingar i gruppa, og journalføringa skal reflektere at det skriftlege pensumet er forstått. I slutten av semesteret lagar og presenterer studentane plakat over den nanovitskaplege eller -teknologiske problemstillinga frå orienteringa og "si" forskingsgruppe.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten
- kan konkretisere omgrepa nanovitskap og nanoteknologi og greie ut om kva som særmerker dette fagfeltet
- kan gjere greie for viktige instrumentelle metodar for oppklaring av nanostruktur av material
- kan gjere greie for viktige klassar av nanostrukturerte material og korleis desse
Ferdigheiter
Studenten
- kan diskutere korleis teknologi og samfunn påverkar kvarandre
- kan greie ut kom kva naturvitskapleg forsking er og gi døme på korleis denne aktiviteten kan føregå
Generell kompetanse
Studenten
- kan fortelje om ulike typar nanovitskapleg forsking ved UiB
- kan presentere ei problemstilling gjennom skriftleg rapport, plakat og munnleg framstilling
Krav til forkunnskapar
Det er eit krav for å kunne melde seg til undervisning og vurdering i emnet at studenten i semesteret før planlagt undervisningssemester, deltek aktivt i prosessen som studieadministrasjonen gjennomfører for kurset. Nærare informasjon etter førespurnad til studierettleiar@nano.uib.no.
Tilrådde forkunnskapar
KJEM 110, kan lesast parallelt.
Krav til studierett
Emnet er berre ope for studentar som er tatt opp til Bachelorstudiet i nanoteknologi ved Universitetet i Bergen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på minst 10 av dei 12 førelesingane. Deltaking på minst 10 av dei 12 første kollokvia.
Deltaking på orientering hjå dei ulike forskingsgruppene, og i eit arbeid i ei forskingsgruppe, inkl. føring av journal (Orientering og Prosjektoppgåve). I tillegg skal kvar student lage ein poster som presenterer det faglege innhaldet i arbeidet i si forskingsgruppe samt førebu ein munnleg presentasjon av det faglege innhaldet i posteren.
Vurderingsformer
Emnet nyttar mappeevaluering med fire element:
- fleirvalstest
- orientering og prosjektoppgåve
- poster
- munnleg presentasjon
For å få levere mappeelement må studenten ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar, inkludert godkjent oppmøte på kollokvia og førelesningar, godkjent deltaking på orienteringa hjå forskingsgruppene og godkjent deltaking på arbeid i forskargruppa. Mappa blir vurdert som Bestått/Ikkje bestått. Bestått vurdering føreset at alle mappeelementa (fleirvalstest, orientering og prosjektoppgåve, poster, og munnleg presentasjon) kvar for seg blir vurdert til å vere på nivå tilsvarande Bestått.
Mappeelement er gyldige i 2 påfølgjande semester etter semesteret dei vart gjennomført i.
I semester utan undervisning og for studentar som har gyldige mappeelment for prosjektoppgåve, poster og munnleg presentasjon, vert det gjennomført skriftleg skuleeksamen (2 t). Dei tre nemnde mappeelementa inngår i grunnlaget for karaktersetting.
Hjelpemiddel til eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillat, i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglar
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått.
Vurderingssemester
Sjå informasjon om vurderingsformer.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31
Kontakt
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.
studieveileder@nano.uib.no, studierettleiar@nano.uib.no eller telefon: 555 83446.
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Mappeevaluering
- Trekkfrist
- 01.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Fleirvalstest
- Dato
- 04.05.2023, 09:00
- Varigheit
- 2 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Damsgårdsveien 125, DAM 1. etg.