Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i nanoteknologi og -instrumentering

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår. Emnet har begrenset kapasitet og inngår i undervisningsopptaket.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet omhandlar fysiske og kjemiske føresetnader for nanoteknologi, med vekt på samanhengar mellom atomære vekselverknader og strukturen til ulike typar nanoaggregat. Ulike karakteriseringsmetodar blir gjennomgått: Grunnleggjande røntgendiffraksjon, bølgjebasert mikroskopi (optisk og elektron), sveipmikroskopi (sveiptunnell- og atomkraftmikroskopi), og spektroskopi. Topp-ned metodar for framstilling av nanostrukturar blir gjennomgått. Emnet gir også perspektiv på den framtidige utviklinga av feltet.

I tillegg til førelesningar og rekneøvingar inngår det 4 eksperimentelle øvingar med tilhøyrande laboratorierapporter. Kurset består av førelesningar, eksperimentelle øvingar og rekneøvingar. Dei eksperimentelle øvingane blir utført i grupper, men rapportane skal utformast og blir vurdert individuelt.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • Diskutere det vitskaplige grunnlaget for nanoteknologi.
  • Relaterte eit materiale sin struktur på nm-nivå til eigenskapane som det har.
  • Skildre topp-ned metodar for framstilling av nanostrukturar.
  • Identifisere og skildre dei fysiske prinsippa bak og praktiske sider ved utvalte teknikkar for karakterisering av nanostrukturerte material.
  • Føreslå val av karakteriseringsteknikk ut fra eigenskapane til materialet samt krav til oppløysing, forstørring og kjemisk spesiering.

Krav til forkunnskapar

PHYS101/PHYS111.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

3 STP overlapp med NANO200; 7 STP overlapp med NANO160.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på laboratorieøvingar samt godkjente laboratorierapportar for kvar laboratoriedel (3 av 3).

Laboratorierapporter skal være godkjent minst 2 veker før eksamen.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i (1) påfølgande semester etter godkjenninga.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Administrativ koordinator for nanoteknologi.
E-post: studierettleiar@nano.uib.no

Telefon: 55 58 34 46.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    26.09.2022, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    12.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted