Hjem
Utdanning
Masteremne

Material- og nanokjemi

Undervisningssemester

Haust

Emne har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet har som mål å introdusere studenten til faststoffkjemi og nanokjemi. Emnet tar opp tema som syntese, identifisering og karakterisering, eigenskapar, funksjonalisering og bruk av faststoffer og nanomaterialer, deriblant nanopartiklar og nanoporøse material. Det gis en oversikt om åtferd av bulkmaterialer. Kunnskapen om disse hjelper å utvikle en forståing av de spesielle eigenskapar av liknande nanomaterial. Endringa av kjemiske og fysiske eigenskapar, avhengig av storleikseffektar, gjev inspirasjon for utvikling av nanostrukturerte materialar som, bl.a., finner bruk som adsorbent, katalysatorar, og "quantum confined" material. Relevansen av slike nanostrukturerte material for avansert materialvitskap, katalyse, medisin, og adsorpsjon/separasjons prosessar pekas ut.

Emne inkluderer praktiske øvingar som introduserer studenten til framstilling og karakterisering av forskjellige typar nanomaterial.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har brei kunnskap om framstilling, struktur, kjemiske og fysikalske eigenskapane og bruk av faststoff sambindingar og nanomaterial, deriblant porøse materialar.
  • Har kunnskap om hvordan utvalgte material og nanomaterial framstilles i praksis og hvordan disse blir karakterisert.

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan samanlikne og beskrive typar og kjemiske og fysiske eigenskaper av faststoff og nanomaterial.
  • Kan forklare framstillinga av faststoff sambindingar og nanomaterialar.
  • Kan sette inn i samanheng strukturen av sambindingar og sine eigenskapar.
  • Kan diskutere nytte og bruk av bulk- og nanomaterial.
  • Kan identifisere og beskrive metodar som blir brukt til å karakterisere ulike material.
  • Kan utføre enkle eksperimentelle prosedyrer i laboratorium.
  • Kan tolke observeringar og resultata frå målingar innhentast frå disse eksperimenter.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan formidle sentralt innhaldet til faget både skriftlig og munnleg og ved hjelp av typiske uttrykksformer i faget (f.eks. kjemiske reaksjonslikningar og strukturteikningar).
  • Kan samarbeide i grupper og gjennomføre praktisk arbeid i laboratorium.
  • Kan tolke sikkerhetsdatablad og informasjon om faren til kjemikaliar og handtere disse i henhold til reglene.
  • Kan føre en labjournal.
  • Kan identifisere og assimilere relevant kunnskap fra undervisningsmaterialet gjennom førelesningar, gruppearbeid og på egen hand.

Krav til forkunnskapar

Ingen (sjå tilrådde forkunnskapar).

Tilrådde forkunnskapar

KJEM120, kan lesast parallelt. 

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på dei obligatoriske førelesningane, gjennomføring av laboratorieøvingar og føring av laboratoriejournal.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to (2) påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

1. Føring av laboratoriejournaler (30 %).

Kvar laboratoriejournal bedømmas som bestått/ikkje bestått. Om ein journal ikkje er bestått kan han leveras inn på nytt etter omarbeiding. Laboratoriedelen av NANO244 blir vurdert som eit heile basert på laboratoriejournalane og dugleik i praktisk gjennomføring av øvingane. Begge elementa inngår i vurderinga av laboratoriekurset i karakterskalaen A-F.

2. Eksamen (tel 70 % av karakteren).
Eksamensforma kan bli munnleg eller skriftleg (4 t) avhengig av kor mange studentar som er meldt til eksamen.

Utfyllande eksamensreglar:

1. Karakteren for føring av laboratoriejournalar er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.

2. I semester med undervisning:

Studentar med godkjend laboratoriekurs frå tidlegare semester kan gå opp til avsluttande eksamen, som då inngår i mappa saman med karakteren på føring av journalar. Den avsluttande eksamen tel 70 % i karaktersettinga.

3. I semester utan undervisning:

a) Studentar med godkjend laboratoriekurs kan berre gå opp til avsluttande eksamen, som då inngår i mappa saman med karakter på føring av journalar. Den avsluttande eksamen tel 70 % i karaktersetinga. Det kan være mulig at eksamen blir skriftlig uansett kor mange studentar som melder seg.

b) Studentar utan godkjend laboratoriekurs frå tidlegare kan ikkje ta eksamen.

Vurdering i laboratoriepraksis

- Vere budd til dei praktiske øvingane ved å ha den naudsynte teoretiske forkunnskapen og ha gjennomført forberedande oppgåver som var spurt om på førehand, som ein forkunnskap for gjennomføring av øvinga (til dømes berekning av mengde av stoffer). 

- Vise god forståing for dei eksperimentelle prosedyrane i praksis og i teori. 

- Gjennomføre eksperimenta på ein forsvarleg måte, til dømes ved å følgje reglementet for tryggleik på laboratoriet. 

- Oppnå det venta eksperimentelle resultatet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

KJEM244: 7 studiepoeng. NANO200: 3 studiepoeng. Dersom studenten allereie har tatt NANO200, kan vedkommande følgje NANO244 ved å få eit tilpassa laboratoriekurs.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Administrativ koordinator for nanoteknologi: Studieveileder@nano.uib.no. Studierettleiar@nano.uib.no.

Eksamensinformasjon