Bachelorprosjekt i Nanoteknologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnt er å gje studenten erfaring med vitskapelig arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapeleg prosjekt med nanovitskapleg innretning. Studentane definerer ei avgrensa teoretisk eller praktisk forskingsoppgåve i samarbeid med interne eller eksterne rettleiarar, gjennomfører arbeidet og presenterer det munnleg i grupper og i ein skriftleg individuell rapport/oppgåve. I kurset vil studentane nyttegjøre seg mellom anna innføringa i biblioteksarbeid og kjeldebruk, HMS-vurderingar og presentasjonsteknikkar tileigna tidlegare i bachelorprogrammet.

Innhald

Emnet går ut på å gjennomfre eit nanovitskapleg prosjekt i ei forskingsgruppe e.l. under fagleg rettleiing. Ein prosjektrapport i vitskapleg stil skal skrivast, og problemstilling og resultat skal presenterast munnleg for andre emnedeltakarar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

 

Kunnskapar

Studenten kan

  • setje seg grundig inn i ein ny nanoteknologisk problemstilling
  • arbeide systematisk med ei problemstilling over lengre tid
  • kan tileigne seg djupare kunnskapar om eit tema gjennom eigne arbeid

 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • finne informasjon om eit gitt tema i vitskapleg litteratur
  • strukturere arbeidet i eit sjølvstendig prosjekt
  • nytte vitskaplege metodar til å undersøkja ei nanoteknologisk problemstilling
  • skrive ein strukturert og fagleg korrekt rapport for eit nanoteknologisk prosjekt

 

Generell kompetanse

Studenten kan

  • ta nødvendige steg for å sikre framdrift av eit prosjekt
  • vurdere kvalitet og relevans av eigne resultat
  • formidle resultat av eige arbeid skriftleg og munnleg
  • delta i faglege diskusjonar rundt eiga arbeid

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår. Første gang våren 2023 Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

INF100, KJEM110, KJEM120, KJEM221 eller tilsvarande, KJEM291,  PHYS111, PHYS112, NANO100, NANO161, NANO244. eitt av  (KJEM124, KJEM243, PHYS114, (MOL200 eller MOL201)

KJEM291 kan takast samtidig med NANO299.

Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

KJEM298: 10 SP

KJEM299: 10 SP

PHYS117: 10 SP

Krav til studierett
Emnet er eksklusivt for studentar med opptak på Bachelorprogram i nanoteknologi (BAMN-NANO).
Arbeids- og undervisningsformer

Studentar vil dra vekslar på dei generiske ferdigheitane dei har tileigna seg tidlegare i bachelorprogrammet.

Prosjektarbeid (Individuelt eller i grupper på 2-3 studentar) Over ein periode på 6-8 veker utfører studentane prosjektarbeid under rettleiing. Studentans presenterer prosjektrapport munnleg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på første forelesing.
Vurderingsformer
Skriftleg rapport. Kvar student vert vurdert individuelt. Ved gruppearbeid på prosjekt vil deltakarar på same gruppe kunne gis ulike karakterar basert på den skriftlege innleverte rapporten. Detaljerte retningsliner for korleis gruppearbeid vert vurdert er under utarbeiding.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil være klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for Nanoteknologi og -vitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@nano.uib.no
Administrativt ansvarleg
Matematisk naturvitenskaplig fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.