Seminar i nanovitskap
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeNANO300
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust.
Mål og innhald
Undervisninga er ein seminarserie der studentane skal leggje fram og diskutere nanovitskap og dei nanovitskaplege aspekt ved sine forskingsprosjekt. Det vert lagt stor vekt på aktiv deltaking frå studentane som i stor grad også vil vere med på å forme emnet. Målet er at studentane skal lære å presentere og kommunisere ulike aspekt ved nanovitskap. Emnet vil vere tett koordinert med NANO310.
Læringsutbyte
Ved fullført emne skal studenten kunne:
- Kjenne til utfordringar og teknikkar for kommunikasjon av vitskap.
- Presentere vitskapleg material både munnleg og skriftleg.
- Forsvare metodeval og konklusjonar i vitskapleg diskusjon.
- Kritisk vurdere vitskaplege tekstar.
Krav til forkunnskapar
Tatt opp til masterstudiet eller Ph.d.-studiet i nanovitskap ved UiB.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d.-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på fem av seks seminar. Munnleg framstilling av eit nanovitskapleg tema. Skrive ein populærvitskapelig artikkel.
Vurderingsformer
Godkjent populærvitskapelig artikkel, godkjent munnleg framstilling av eit nanovitskapleg tema, godkjent frammøte og godkjent deltaking på seminara. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgande semester etter godkjenninga.
Karakterskala
Bestått eller Ikkje bestått.
Vurderingssemester
Kun vurdering i semestre med ordinær undervisning. Se Vurderingsformer.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31
Kontakt
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.
studieveileder@nano.uib.no, studierettleiar@nano.uib.no eller telefon: 555 83446.